Mektige Myanmar - sjå dei fantastiske bileta
Pål Sundsøy frå Gol har besøkt over 75 av verdas land. Myanmar i Sør-Aust Asia er blant favorittane.
{{imageLeft}}
– Å REISE I MYANMAR er ei reise i tid. Eg har vore der fleire gonger, og det er ein veldig spesiell atmosfære. Første gangen var det ingen turistar der, og ingen mobildekning eller minibankar, fortel Pål Sundsøy.
I fleire år jobba han i dei internasjonale operasjonane til Telenor. Han reiste verda rundt. Då selskapet etablerte seg i Myanmar, fekk han også i oppdrag å ta bilete.
– Det er rart å sjå forandringa som skjer. No er det heilt vanleg med munkar som surfar på smarttelefonar.
SUNDSØY HADDE EIN kreativ oppvekst på Øygardane i Gol. Han spelte gitar i fleire lokale rockeband og brukte mykje tid på videoredigering. Han kjøpte sitt første digitalkamera då han var utvekslingsstudent i Sydney i Australia.
– Eg kombinerte studiane med ein tur verda rundt saman med nokre vener, fortel han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Golingen er utdanna sivilingeniør innan fysikk og har ein doktorgrad i datavitskap. I dag jobbar han for Norges Bank i Oljefondet. Basert på store mengder data utviklar han strategiar for investeringar. Interessa for foto er eit pusterom i kvardagen.
– Det er nok sunt å ha hobbyar som står i kontrast til jobben. Eg er nysgjerrig som person, og synest det er viktig å bruke tid på opplevingar framfor materielle gode, seier han.
Dei mange reisene har gitt Pål Sundsøy auka kunnskap og meir respekt for ulike kulturar.
– Sjølv i dei verste slumområda i Bangladesh finst det mange interessante folk. Dei er likare deg og meg enn ein skulle tru.
Møta med menneske verda over har fått fotografen til å reflektere over kor bra me har det i Norge.
– Me har uendeleg med mogelegheiter, som me nærmast tar for gitt. Slik er det ikkje for dei fleste menneske i verda, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
I MYANMAR ER FOLK svært gjestfrie og nysgjerrige. Også naturen er av ypparste klasse.
– Alle er smilande og blide. Utfordringa på landsbygda er språket. Det løyser seg gjerne med litt sjarm, og at ein lærer seg å seie «hei» og «ha det» på det lokale språket, fortel Sundsøy.
Spesielt anbefaler han å dra til tempelbyen Bagan, og kome seg utanfor «turistmotorvegen». Det finst også kritkvite strender utan turistar, for dei som likar slikt.
– Diverre har konflikten og forfølginga av Rohingya-folket i nordvest bidrege til å overskygge alt det positive med Myanmar, seier han.
SUNDSØY SER SEG gjerne ut interessante fotomotiv på førehand. Han får tips ved å snakke med dei lokale.
– Eg nyttar som oftast naturleg lys og står opp grytidleg for å vere på plass til soloppgang, forklarar han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er sjeldan han set bilete i scene. Han prøver heller å fange det som hender der og då. Stort sett har han med seg ganske enkelt utstyr, eit kamerahus og eit par gode objektiv.
– Eg likar spesielt å ta portrett av menneske som har levd eit hardt liv. Gjennom bileta får folk heime høve til å møte desse menneska – andlet til andlet.
På dei neste sidene viser me eit utval av Pål Sundsøy sine bilete frå Myanmar. Han fortel sjølv om bileta.
{{facts}}
* Republikk i Asia, tidlegare kjend som Burma.
* Grensar til Bangladesh, India, Kina, Thailand og Laos.
* 53 millionar innbyggarar
* Frå 1962 til 2011 vart landet styrt av ein militærjunta, under sterk internasjonal kritikk.
* Det første demokratiske valet på 20 år vart halde i november 2010.
* Frå 1992 har styresmaktene oppfordra til turisme. Årleg kjem fleire millionar turistar landet.