Mattilsynet er fanatikarar og bør ikkje ha noko som helst med ville dyr å gjera, seier Kurt Oddekalv, leiar i Norges Miljøvernforbund.
Mattilsynet er fanatikarar og bør ikkje ha noko som helst med ville dyr å gjera, seier Kurt Oddekalv, leiar i Norges Miljøvernforbund.

Hudflettar alt og alle som vil utrydde villreinen i Nordfjella

Norges Miljøvernforbund (NMF) melder Mattilsynet og Miljødirektoratet til politiet for den pågåande nedskytinga av villrein i Nordfjella. – Det er idiotpraksis å utrydde villreinen, seier Kurt Oddekalv.

NMF krev også straffeforfølging av direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet og direktør Harald Gjein i Mattilsynet.

Krev etterforsking

– NMF melder med dette Miljødirektoratet og Mattilsynet for overlagt brot på Naturmangfaldlova, skriv NMF i politimeldinga som er levert inn til politiet, Økokrim og som innmeldt sak til Stortinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Fagidiotar»

– Me meiner dette skjer hals over hovud. Miljøstyresmaktene skjuler det faktum at dei ikkje har kompetanse på dette. Dei har heller ikkje kompetanse nok til å skyte ut 1500 dyr. Ein må heller ta eit steg tilbake og sleppe til jerv og andre rovdyr som kan ordne opp i området. Slik dei har gjort i 1000 år. Mattilsynet er fanatikarar, og bør ikkje styre noko som helst som har med ville dyr å gjera, hevdar Kurt Oddekalv, miljøaktivist og leiar i Norges Miljøvernforbund.

Oddekalv meiner dessutan at sperregjerdet på Hemsedalsfjellet er formålslaust, og at det bør rivast.

– Det går ikkje an å stenge inne sjukdomen med eit gjerde. Det stod ope då eg var på Hemsedalsfjellet i går. Eg var inne i området og fann både revespor og ein daud simlekalv. Eg bør vel også skytast, no som eg er smitta med CWD!

Politisk prestisje

Måndag kveld deltok han på eit ope folkemøte i Lærdal om skrantesjuke. Oddekalv seier han følte eit behov for å «egge til kamp» fordi lokalbefolkninga så langt har vore «puddingar».

– Folk let seg overkøyre av myndigheitene. Det er fullstendig feil. Folk bør ta slike saker som dette mykje meir i eigne hender. «Skyt og drep alt, så importere frisk rein». Ein kan ikkje importere denne reinstammen, den er heilt unik. Det er idiotpraksis å prøve å utrydde den. Myndigheitene har brukt 900 millionar kroner på å prøve å fjerne lakseparasitten gyro, som framleis ikkje er borte, seier han.

– Meiner du det er gått politisk prestisje i denne saka?

– I aller høgste grad. Landbruksministeren har gjort det han kan for å unngå å prate med meg. Eg har ringt han 30 gonger utan svar. Han gøymer seg i sauefjøset. Det er uhøfleg og heilt uakseptabelt.

– Trur du det framleis er mogleg å få stoppa nedskytinga?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, den kan stoppast. Det er feil å skyte ut villreinen, og det er feil at miljøstyresmaktene jobbar etter ein slik «herregårdstanke». Uskuldige bønder må ta i mot kunnskap frå storsamfunnet. Det er jævla urettferdig. Eg er eigentleg sjukemeld, men eg vart såpass oppgitt over denne saka at eg måtte gjera noko. Difor møtte eg opp i Lærdal i går, for å prøve å mobilisere til kamp. Eg fekk enorm tilbakemelding, og alle var einige med meg. Dette må stoppast, seier Oddekalv.

Tek det til etterretning

Mattilsynet sa til NTB måndag kveld at dei ikkje vil kommentere saka før dei har lest kva Norges Miljøvernforbund har meldt dei for. Det er Statens naturoppsyn (SNO) som står for den praktiske gjennomføringa av nedskytinga i Nordfjella.

– Me tek politimeldinga til etterretning, seier seksjonsleiar i SNO, Kjartan Knutsen til NTB.

Eit statleg fellingslag med både innleigde sivile jegerar og personell frå SNO er for tida innkvartert på Breistølen fjellstove på Hemsedalsfjellet. Fellinga blir styrt derifrå. Per 20. november hadde fellingslaget skote 91 villrein.