I løpet av tre dagar er det fødd fem elgkalvar på Langedrag. Desse tre vart fødde natt til onsdag. Det er ei kvige og to oksar.
I løpet av tre dagar er det fødd fem elgkalvar på Langedrag. Desse tre vart fødde natt til onsdag. Det er ei kvige og to oksar. Foto: Gro Irene Saugerud.

Elgsensasjon på Langedrag

Her ligg nyfødde elgtrillingar. Det skjer svært sjeldan.

Natt til onsdag skjedde mirakelet.

– Det var heilt magisk, seier dyrepassar Anne Grete Lindvik.

– Sjeldan og unikt

Lindvik var oppe ved halv tre om natta for å sjå til Ea.

Fødselen nærma seg, men då hadde det enno ikkje skjedd noko. Klokka halv fem var derimot fødselen i gang.

– Då var det fødd ein kalv og neste var på veg. «Wow», tenkte eg. Her blir det tvillingar. Men så kom det jammen ein til, seier Lindvik på telefon frå elghegna på Langedrag, der ho er saman med dei fire elgane.

Dyrepassar Anne Grete Lindvik hjelpte til under trillingsfødselen.
Dyrepassar Anne Grete Lindvik hjelpte til under trillingsfødselen. Foto: Gro Irene Saugerud.
Elgkua Ea har fødd trillingar. Det skjer ikkje ofte at elgar får tre kalvar, korkje i dyrepark eller ute i fri natur. (Alle
Elgkua Ea har fødd trillingar. Det skjer ikkje ofte at elgar får tre kalvar, korkje i dyrepark eller ute i fri natur. (Alle Foto: Gro Irene Saugerud
Klokka halv fem på morgonen kom den fyrste elgkalven.
Klokka halv fem på morgonen kom den fyrste elgkalven. Foto: Gro Irene Saugerud.
Trillingfødsel hjå elg er sjeldan, seier Marie Thorson Østby Natten.
Trillingfødsel hjå elg er sjeldan, seier Marie Thorson Østby Natten. Foto: Gro Irene Saugerud.
Ea og dei tre kalvane hennar slappa av i hegna onsdag. Kalvane, som ikkje har fått namn enno, er dei første Ea får.
Ea og dei tre kalvane hennar slappa av i hegna onsdag. Kalvane, som ikkje har fått namn enno, er dei første Ea får. Foto: Gro Irene Saugerud.
Dyrepassar Anne Grete Lindvik måtte steppe inn som elgmor då elgen Svea døydde rett etter fødselen. Her er ho saman med Ea og Elke sommaren 2015.
Dyrepassar Anne Grete Lindvik måtte steppe inn som elgmor då elgen Svea døydde rett etter fødselen. Her er ho saman med Ea og Elke sommaren 2015. Foto: Sigmund Krøvel-Velle
Det er liten tvil om at elgtrillingane      blir populære på Langedrag i sommar. (Arkivfoto)
Det er liten tvil om at elgtrillingane blir populære på Langedrag i sommar. (Arkivfoto)

Dei tre kalvane er ei kvige og to oksar. For Lindvik er trillingfødselen spesiell. For ho har nærast vore reservemamma til Ea etter at mora Svea døydde for to år sidan. Då var Ea eitt døgn gamal. No fekk ho sjølv kalvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er spesielt at det er dei første kalvane hennar. Då får dei gjerne éin. Det gjeld også ute i naturen. Når dei blir eldre, får dei gjerne to.

– Og trillingar?

– Trillingfødsel har me aldri opplevd. Det er sjeldan ute i naturen også. Dette er unikt, seier Lindvik.

Og som om ikkje det var nok. Sundag vart det også fødd tvillingar. Mora er Elgvita som har vore på Langedrag i ni år.

– Fem elgkalvar på tre dagar er utruleg, seier Lindvik, som går spennande dagar i møte.

– No får me sjå om dei klarar seg, og om Ea klarar å fø tre kalvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag føremiddag fekk Ea ekstra med kvist av rogn, selje og bjørk for å få inn bra med næring til mjølkeproduksjon.

– Alle har fått mat. No har mor og dei tre kalvane slappa av, og eg har fått lov til å slappe av saman med dei, seier Lindvik.

Namnekonkurranse

Den vesle oksekalven som vart fødd sist, er den minste av dei tre.

– Akkurat no er det han eg er mest spent på korleis det går med, seier Lindvik. Ho reknar med at det meste er avklara i løpet av eit par dagar.

– Men dei verkar sunne og friske. Eg har stor tru på at dette går bra.

– Blir alle elgane verande på Langedrag?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me får sjå. Det er avgrensa kor mange elgar ein kan ha. Men me har ei stor elghegn.

– Har dei fått namn?

– Dei tre har ikkje fått namn enno. Me lagar vel ein namnekonkurranse etter kvart, seier Lindvik.

Og eitt er iallfall sikkert: Det er ingen tvil om kven som blir populære på Langedrag i sommar.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}