Det har vore eit stort engasjement kring Yosef som bur på siste stoppeplass, Trandum før utsending. Fredag skal han i fengslingsmøte, og etterpå kjem truleg den afghanske ambassaden på besøk.
Det har vore eit stort engasjement kring Yosef som bur på siste stoppeplass, Trandum før utsending. Fredag skal han i fengslingsmøte, og etterpå kjem truleg den afghanske ambassaden på besøk. Foto: Ingvild Skølt

Ambassaden bankar på døra til Yosef

Den afghanske ambassaden vil vurdere om det er grunnlag for å stoppe utsending av Yosef Andar til Afghanistan. Fredag er det fengslingsmøte.

Fredag er det fengslingsmøte for afghanske Yosef Andar.

Representantar frå «støttegruppa for Yosef» vil vere til stades, saman med både psykolog og advokat.

Etterpå kjem også etter alt å døme ein delegasjon frå den afghanske ambassaden i Oslo, med ein diplomat og ein sekretær.

Dersom dei meiner utsendinga er eit døme på «inhuman asylpolitikk», kan dei setje ein stoppar for utsendinga.

Ambassaden kan hindre retur

Ein ambassade oppsøkjer normalt ikkje flyktningar, men initiativet kjem frå Støttegruppa. Dei har gjort ambassaden merksam på Yosef-saka.

Tori Snerte og Gerd Line Røysi (med ryggen til) er to av fleire engasjerte bak støttegruppa for Yosef, som har vore med å presse på for å mjukne norsk asylpolitikk.
Tori Snerte og Gerd Line Røysi (med ryggen til) er to av fleire engasjerte bak støttegruppa for Yosef, som har vore med å presse på for å mjukne norsk asylpolitikk. Foto: Caroline Utti

Det er ikkje myndigheitene han har flykta frå, og difor har han heller ikkje motsett seg at dei bankar på i morgon, fredag. Advokaten måtte likevel arbeide for å få møtet i stand. Det skjer etter planen etter at fengslingsmøtet er ferdig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei vil vite kva som skjer med borgarar frå landet på Trandum og kven me sender ut. Dei har reagert på dette, men vil sjå det med eigne auge, opplyser Tori Snerte, primus motor i støttegruppa, og engasjert SV-politikar i Hemsedal.

Norge kan ikkje returnere ein person til eit land dersom landet set seg imot. Om dei vurderer «sårbar» på ein annan måte enn Norge kan det gjere retur vanskeleg.

Stortingsvedtak betyr lite for Yosef

Det har vore ei strid tid for «oktoberbarna», dei mange unge flyktningane som kom til Norge frå og med oktober i fjor.

Stortinget diskuterte nyleg kva ein skal gjere med dei når dei fyller 18. Dei som berre har fått mellombels opphald, skulle etter planen bli send heim.

I praksis har slike utsendingar smerta ein del, inkludert dei som har engasjert seg i Hemsedal gjennom støttegruppa for særleg ein av gutane som ei tid budde der.

Dei håpa presset førte til ei oppmjuking av asylpolitikken, men for Yosef sin del ser det ikkje ut til å få utslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Endringa betyr visst ingenting i praksis for Yosef. Ein skulle tru sårbarheitskriteriet ville gjelde han, men han fyller berre eitt av dei tre krava som er sett, seier Snerte.

Uvisst av kva grunn har han ikkje eit vedtak om mellombels opphald. Myndigheitene meiner også det er trygt nok å sende han heim.

Må fylle tre krav

SV på Stortinget bad om full stans i utsendingane, medan nye reglar for handsaming blei greia ut. Det vart det ikkje fleirtal for. Med Ap i bresjen vart det i staden fleirtal for tre såkalla «sårbarheitskriterium».

Det betyr at alle einslege mindreårige asylsøkjarar med vedtak frå og med 1. oktober 2016 og fram til i dag, som vil bli internflyktningar om dei blir returnert og som har fått mellombels opphald, skal få saka vurdert på nytt.

Arne Nævra (SV) kom inn på tinget frå Buskerud og sit i transportkomiteen, men uttransportering er han i mot.

– Er det rett av stortingsfolk å engasjere seg i enkeltsaker?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me skal vere lovgivande, men på dette området har Norge gått langt for ikkje å ta menneskelege omsyn.

– Men det er fleirtal på Stortinget for å sende slike som Yosef ut?

– Fordi han ikkje passar inn i dei krava som er sett. Eg er av dei som meiner me uansett må ta menneskelege omsyn. Mykje tyder på at det gjeld i denne saka, seier Nævra.

Trygt nok i heim-området

Nævra vel å sjå på Yosef som eit døme på menneske i visse situasjonar. Mens unggutar flest i hans situasjon står åleine, har støttegruppa engasjert Silje Stridsklev, advokat frå Advokatfirmaet Elden DA.

Ho stadfestar atYosef ikkje fell inn under «sårbarheitskriteria».

– Yosef vil ikkje bli omfatta av stortingsvedtaket fordi han ikkje vil bli «hensatt til internflukt» i Kabul, men til heimstaden sin i Afghanistan. Me meiner han likevel skulle fått opphald her, fordi han er ein veldig sårbar gut, seier Stridsklev, torsdag kveld. Ho førebur seg på fengslingsmøtet.

Landsinfo, norske myndigheiters kjelde til sikkerheitsvurderingar, publiserte i oktober ein rapport som seier at det første halvår i år er registrert 20 sivile drepe og 23 såra i konfliktrelatert vald i heim-området hans. Det er ein reduksjon på 22 prosent samanlikna med same periode året før, heiter det. Det er i hovudsak bakkekampar som tek sivile liv, men også enkelte luftangrep.

– Det er fleirtal på Stortinget for at Yosef skal ut, Snerte?

– Eg trur ikkje det er fleirtal for det i folket, seier ho.