Ny singel frå Per O. Noss
Dei første låtane var klare sommaren etter debutplata. No har fem år gått, og Per O. Noss slepper første smakebit frå sitt nye album.
– Av og til er det godt at ting får modnast så lenge, seier Per O. Noss.
Songaren frå Ål slepper i dag, fredag, singelen «Engel», første smakebit frå hans nye album Redningsmann som kjem 14. august. Fem år har gått sidan Noss gav ut debutplata «Hallingdølens kniv» i mars 2010. Mykje har skjedd sidan den gong.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Tekstane og melodiane til «Redningsmann» begynte å komme alt sommaren 2010, og eg gjekk også i studio og spelte inn ein demo. På bakgrunn av den, fekk eg med Arvid Wam Solvang som produsent, han som mellom anna har produsert Maria Mena og Vidar Johnsen/Peter Nordberg, og me spelte inn ti låtar, fortel Noss.
Deretter tok musikaren pause. Han reiste, brukte tid på å gjere noko heilt anna, let materialet han hadde på gong modnast.
– Og plutseleg dukka det opp to låtar til. «Engel» er ei av dei. Det tok tid å skrive han, men så plutseleg losna det. Det er eg veldig glad for, og eg trur songen passar som førstesingel på eit album, seier Noss.
På «Hallingdølens kniv» låg elektro i botn med nokre live-instrument oppå. Singelen Engel, og albumet «Redningsmann», er bygd opp med fullt band frå botn av.
– Det har nok å gjere med at ein utviklar seg som musikar og songar. Det er jo det som er så moro med dette, seier Noss.