På Geilo har dei eit postbod som gjer det vesle ekstra! Ho gler folk på ruta med personlege julehelsingar, bursdagsgratulasjonar og eit ekstra hurra for nye verdsborgarar. Og det treng ikkje vere folk ho kjenner. Ei overrasking i kvardagen kan gjere underverk for eit menneske – det er ho sikker på. Stikk det opp ein smile-ballong i kassa – ja, då kan du vere sikker på at det er ei helsing frå postbod Arna i andre enden.

Arna Postbod

Eit stort smilefjes stikk plutseleg ut or postkassa di. I andre enden av snøret ligg ei personleg helsing – frå postbodet!

Ho er der kvar dag. Køyrer ut brev, helsingar, rekningar og anna informasjon og legg det i postkassa di. Innimellom skriv ho ei personleg helsing. «God helg» kan det stå på ein oransje post-it-lapp festa på avisa di. Med eit smileteikn sjølvsagt. Eller om nokon har bursdag, får dei kanskje eit digert smilefjes på ein knallgul ballong. Og eit personleg, handskrive kort med pålima pynt.

730 julekort

For ti-tolv år sidan starta postbod Arna Jacobsen Fagervold på Geilo å skrive små helsingar til folk på postruta. Ho ville spreie litt glede. Ei overrasking i ein travel kvardag. For åtte år sidan starta ho også å skrive små julekort til folk på ruta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I år har eg skrive 730 julekort. Det måtte bli alle eller ingen, smiler Arna postbod. Ho teipar dei opp på innsida av lokket på kassa. I år var korta grøne.

Arna har jobba i Posten i 27 år. Starta på det vesle einmannspostkontoret på Ustaoset som vikar. No har ho køyrd post i kanskje 20 år. Og likar jobben sin godt. Men ho likar også å spreie litt glede på vegen. Ei handskriven helsing til nye verdsborgarar, julekort og bursdagshelsingar. Kanskje blæs ho opp ein ballong som stikk ut av kassa – så får også andre litt glede når dei ser det fine smilefjeset.

– Kjenner eg meg einsam på ruta, blæs eg opp ein smilefjes-ballong og har med meg i bilen, ler Arna.

Med smileballong i eine enden – og personleg helsing i enden som ligg oppi postkassa.
Med smileballong i eine enden – og personleg helsing i enden som ligg oppi postkassa.
Kort, blomar, tape, smilefjes, klistremerke, bon-bongar, ballongar, konfetti og anna rart. Arna Jacobsen Fagervold har mykje på lur for å lage helsingar til folk på postruta.
Kort, blomar, tape, smilefjes, klistremerke, bon-bongar, ballongar, konfetti og anna rart. Arna Jacobsen Fagervold har mykje på lur for å lage helsingar til folk på postruta.
Arna Postbod lagar personlege helsingar heile året.
Arna Postbod lagar personlege helsingar heile året.
Til jul fekk Arna sjølv helsing av mellom andre Ustekveikja Energi. På rim.
Til jul fekk Arna sjølv helsing av mellom andre Ustekveikja Energi. På rim.
På Geilo har dei eit postbod som gjer det vesle ekstra! Ho gler folk på ruta med personlege julehelsingar, bursdagsgratulasjonar og eit ekstra hurra for nye verdsborgarar. Og det treng ikkje vere folk ho kjenner. Ei overrasking i kvardagen kan gjere underverk for eit menneske – det er ho sikker på. Stikk det opp ein smile-ballong i kassa – ja, då kan du vere sikker på at det er ei helsing frå postbod Arna i andre enden.
På Geilo har dei eit postbod som gjer det vesle ekstra! Ho gler folk på ruta med personlege julehelsingar, bursdagsgratulasjonar og eit ekstra hurra for nye verdsborgarar. Og det treng ikkje vere folk ho kjenner. Ei overrasking i kvardagen kan gjere underverk for eit menneske – det er ho sikker på. Stikk det opp ein smile-ballong i kassa – ja, då kan du vere sikker på at det er ei helsing frå postbod Arna i andre enden.

Startar i oktober

Arna kjem helst ein halvtime tidlegare på jobb. Så har ho god tid til å mellom anna putte dei personlege helsingane i kassene. Noko folk har begynt å legge merke til. Både fastbuande og hyttefolk. Avisa har fått tips frå forundra og glade menneske som har fått helsingar frå postbodet sitt.

– Eg startar å skrive og pynte julekort i oktober for å rekkje alle. Så deler eg dei ut før jul. Eg har laga meg ein teknikk så det går fort, smiler Arna. Ho tek om lag hundre kort om dagen i sju dagar. Vips så har alle på ruta fått handskrivne julehelsing frå postbodet.

– Korleis veit du når folk har jubileum, får ungar og slikt?

– Eg er på Facebook, noterer bursdagar og får tips, smiler Arna. Om ei eldre dame langs ruta fyller rundt år, får ho kanskje eit fint handskrive kort med raude plastblomar festa på. Eller er det kanskje ein ungkar som fyller 40, får han kanskje ein rørepinne forma som ei dame festa på. Eller motsett om det er ei singel dame.

– Dei hadde eg med meg frå Kreta, smiler Arna. Elles handlar ho ein del på Nille. Smilefjes-klistremerke må ho ha. Dei er ho veldig glad i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har du ein dårleg dag og nokon smiler til deg, ja, då blir livet annleis. Kvar gong, smiler Arna.

Glade folk

Og at folk blir glade, får 54-åringen ofte svar på.

– Folk klappar meg på skuldra, gir meg ein klem og smiler. Det blir eg glad av, fortel Arna. No køyrer ho postruter i Havsdalen, Timrehaugvegen og ned til Hagafoss.

– Det kan jo bli kjedeleg i timevis om ein ikkje finn på noko, smiler Arna. Ho skundar seg å leggje helsingane i postkassa til folk – og kan sitje i bilen vidare på ruta og smile og le med tanke på kor overraska folk blir.

Også hyttefolk har fått kjennskap til det blide postbodet på Geilo. Dei får ofte ettersendt post og aviser når dei er på hytta. Og blir svært overraska når det kjem julehelsing og helgehelsing frå postbodet.

– Eg får nesten abstinensar om eg ikkje har fått ut julekorta i tide. Folk har spurt om eg ikkje skal lage påskekort. Men der går grensa, ler ho.

Har du ein dårleg dag og nokon smiler til deg, ja, då blir livet annleis. Kvar gong.

Arna postbod

Artikkelen held fram under annonsen.

((OBS VIDEO))