Vetle Sjåstad Christiansen var med på å sikre norsk gull i Ruhpolding.
Vetle Sjåstad Christiansen var med på å sikre norsk gull i Ruhpolding.

Vetle knuste Fourcade - Norge vann stafetten

Vetle Sjåstad Christiansen knuste franske Martin Fourcade på andre etappe då Norge vann stafetten i Ruhpolding fredag ettermiddag.

Vetle Sjåstad Christiansen fekk klappet på skuldra av Lars Helge Birkeland i ei klynge på seks lag.

7,5 kilometer og to skytingar seinare hadde skiskyttaren frå Geilo knust all motstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein praktetappe. For eit løp av Vetle Sjåstad Christiansen, konkluderte NRK-kommentatorane Andreas Stabrun-Smith og Ola Lunde.

Stor fart

For Christiansen er heilt tydeleg på stigande formkurve.

Det gir særleg utslag i løypa der Geilo-løparen tidvis har slite med å halde høg nok fart. Men fredag ettermiddag gjekk han gnistrande i dei faste og harde løypene i den tyske skiskyttarmetropolen. For han fekk verkeleg brynt seg då han gjekk ut mot Martin Fourcade.

– Ingen grunn til å frykte noko, sa kommentatorane på NRK, og fekk rett i det.

Vetle Sjåstad Christiansen la seg i rygg på franskmannen og kom først inn til første skyting. Fem blinkar rett ned var resultatet.

– Han parkerer Fourcade på første skyting, sa Stabrun Smith.

Fekk syra

Heller ikkje på mellomrunden spara han på kruttet.

Christiansen kom inn først inn til ståande framfor dei mange tusen tilskodarane. Åtte-ni sekund etter kom Fourcade. Han greidde seg med eit ekstraskot og gjekk ut likt med Fourcade på sisterunden. Der gjekk Vetle Sjåstad Christiansen rett frå Fourcade mot slutten og gav Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø eit perfekt utgangspunkt. Det tok dei vare på og Norge vann føre Tyskland og Frankrike.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Krevjande og tøft. Eg hadde skikkeleg med mjølkesyre. Eg hadde fem gonger så gode ski som Fourcade, sa ein fornøgd Vetle Sjåstad Christiansen til NRK.