Vetle Sjåstad Christiansen kjempa lenge om medalje på normaldistansen under VM i Östersund.
Vetle Sjåstad Christiansen kjempa lenge om medalje på normaldistansen under VM i Östersund.

Vetle kjempa om medalje!

Etter fire skytingar såg det lyst ut for Vetle Sjåstad Christiansen på 20 kilometeren i Östersund.

Men det vart for tøft  mot slutten. Vetle tapte verdifulle sekund i sluttminutta og vart nummer åtte.

Etter tre skytingar kjempa både Tarjei Bø og Sjåstad Christiansen om medalje. Saman med Bø hadde Vetle eit svært seint startnummer. Skulle han ha håp om medalje, nytta det ikkje å bomme. Inn til første ligg kom han 32,9 sekundar bak teten. Han prikka inn fem raske blinkar, og fekk skryt frå NRK-kommentatorane Andreas Stabrun Smith, Torgeir Bjørn og Ola Lunde.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Tyske Arnd Peiffer la tidleg  press på konkurrentane med 20 treff. Men sjølv om langrennstida hans ikkje var heilt i hundre, heldt  det til gull. Tarjei Bø vart nummer tre.

Vetle Sjåstad Christiansen starta solid. Han kom inn til andre skyting med litt svak langrennstid, men på ny imponerte han på standplass, og gjekk ut som andremann og beste norske så langt. Dei  andre norske deltakarane sleit med skytinga. Og spenninga steig då Christiansen gjekk ut frå både tredje og fjerde skyting med medalje i sikte. Fullt hus nok ein gong!

Men på slutten vart det for krevjande. Vetle enda på ein åttandeplass.