Fv. Baldur Vilhelmsson, Sebastian Vik, Øyvind Kirkhus, Johannes L. Taklo, Stine Espeli Olsen, Ine Marie Misund, Maria Mylius og Bettina Roll deltek alle i ungdoms-OL denne veka.
Fv. Baldur Vilhelmsson, Sebastian Vik, Øyvind Kirkhus, Johannes L. Taklo, Stine Espeli Olsen, Ine Marie Misund, Maria Mylius og Bettina Roll deltek alle i ungdoms-OL denne veka.

Ungdoms-OL: Høgt nivå i Sarajevo

Brettkøyrarane frå Geilo møtte tøff konkurranse i fyrste øving i europeisk ungdoms-OL.

SNØBRETT: Tysdag var slopestyle fyrste øving for brettkøyrarane i EYOF (Europeisk ungdoms-OL). Stine Espeli Olsen, Maria Mylius, Bettina Roll og Ine Marie Misund frå Geilo var alle i aksjon.

Dei møtte tøff konkurranse i kvalifiseringa. Stine Espeli Olsen var nærast finaleplass. Ho vart nummer sju, medan dei seks fyrste på kvalifiseringslista køyrde finale. Misund vart nummer 12, Roll nummer 13 og Mylius tok 17.-plassen. Dei kunne likevel glede seg over ein god norsk dag i Sarajevo. Klassekamerat på NTG Geilo, Sebastian Vik tok bronse i bigair for gutar. Og Hanna Børve som også er elev på NTG Geilo, tok gull på jentenes sprint i skiskyting. Rasmus August Schiellerup (Geilo/Danmark) vart nummer 81 på sprinten for gutane. Kristiane Roer Madsen (Hemsedal/Danmark) køyrde ut i fyrsteomgangen i slalåm måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag ettermiddag står storslalåm på programmet.

Snøbrettkøyrarane får nye moglegheiter alt torsdag. Då står bigair på programmet.