Maria Tviberg køyrde inn til sjetteplass under verdscupen i Sölden laurdag.
Maria Tviberg køyrde inn til sjetteplass under verdscupen i Sölden laurdag. Foto: Egil Blomsø

Tviberg tilbake i verdscupen

Laurdag starta verdscupen i alpint med storslalåmrenn i Sölden i Østerrike. Blant deltakarane var Maria Tviberg frå Geilo. Tviberg er no tilbake i verdscupsirkuset etter å ha trent seg opp att etter si fjerde korsbandskade. Laurdagens to run heldt til ein sjetteplass samanlagt, med tida 2:18.39.  Alice Robinson frå New Zealand tok fyrsteplassen med tida 2:17.36. Amerikanske Mikaela Shiffrin tok andreplassen, føre franske Tessa Worley på tredjeplass.

Tviberg var ein av i alt 16 norske utøvarar – ni herrar og seks damer – som stilte til start.