Verdscup i nordiske greiner i Ruka: Nummer to, Pål Golberg, og vinnaren Johannes Høsflot Klæbo etter 10 km klassisk for menn i Ruka laurdag. Martin Løwstrøm Nyenget med ryggen til, vart nummer tre.

Trippelt norsk på pallen: Golberg og laget imponerte trenaren

– Eg er godt fornøgd, både med løpet og formen, seier Pål Golberg etter å ha blitt nummer to på 10 km klassisk i Finland laurdag.

Johannes Høsflot Klæbo (26) var igjen suveren og gjekk inn til sin 50. verdscupseier på 10 kilometer klassisk i finske Ruka.

Trønderen enda 20,5 sekund framfor Pål Golberg på andreplass, mens Martin Løwstrøm Nyenget vart nummer tre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er godt fornøgd, både med løpet og formen. Eg visste at éin mann kom til å bli veldig sterk i dag, og det var ikkje overraskande at han slo meg, sa Pål Golberg til NRK etter løpet.

– Det var strålande innsats, enkelt og greitt. Eg hadde på følelsen at me hadde eit lag som skulle gjere det høveleg bra i dag, og eg er veldig, veldig fornøgd, sa landslagstrenar Eirik Myhr Nossum til NRK.

Dermed har det vore ei god norsk langrennshelg så langt: Fredag gjekk nemleg langrennsløparane sesongens fyrste verdscuprenn, då dei opna med sprint i Ruka. Alt frå prologen var det norsk dominans. Også der vann Johannes Høsflot Klæbo, medan Pål Golberg tok tredjeplassen.

Les også
Fire nordmenn i sprintfinalen då Golberg jakta nok ein pallplass i Ruka
Les også
Skianlegg opnar tre veker før tida: – Ligg an til å bli ein liten draum