Laurdag møtte HFK Modumpå heimebane. Kampen enda 6-1 til Modum.
Laurdag møtte HFK Modumpå heimebane. Kampen enda 6-1 til Modum. Foto: Caroline Utti

Tøff match for HFK

Sesongens siste kamp vart ei tøff affære for HFK.

Det var duka for eit tøft oppgjer då HFK møtte Modum på heimebane laurdag ettermiddag. Før kampstart låg Modum eitt poeng bak tabellnabo Åssiden, og var såleis særs sultne på poeng og opprykk. HFK brukte lang tid på å vakne. Og alt før 30 minutt var gått, hadde Modum banka inn tre mål. Til pause stod stillinga 4-0 til bortelaget. I andre omgang sette HFK opp farta, og såg fleire målsjansar. To minutt på overtid sette Magnus Magnetun Bækken inn HFK sitt fyrste og einaste mål. Kampen enda 6-1 til Modum.