Birk Stian Bjerkrheim fekk ros av trenaren etter bortekampen mot Solberg.
Birk Stian Bjerkrheim fekk ros av trenaren etter bortekampen mot Solberg.

Tapte borte mot Solberg

Hallingdal FK reiste til Drammen med ambisjonar om poeng.

Fotball: HFK stod med seks poeng på dei tre fyrste kampane, før tysdagens bortekamp mot Solberg.

Der opna HFK bra, og tok leiinga tidleg i kampen. Ballen var innom fleire ledd i HFK-laget, før innlegget frå Johannes Dokken Kleppo til slutt gjekk via ein solbergforsvarar og i mål. Etter fleire HFK-sjansar utlikna heimelaget etter 24 minutt. Mot slutten av omgangen hadde begge lag sjansar, men dei gjekk til pause på 1–1.

Artikkelen held fram under annonsen.

Burde scora

Andre omgang opna som den fyrste, med godt trøkk frå HKF-laget.

To minutt hadde gjestene fyrste sjansen, men Birk Stian Bjerkrheim fekk ikkje nok fart på ballen til å setje han i mål frå kort hald. Fem minutt seinare lukta det revansje, då han sette ballen i mål. Men assistentdommar vinka for offside, og scoringa vart annullert. Fire minutt seinare var det i staden heimelaget som tok leiinga.

Trass i fleire sjansar vart det ikkje fleire mål i kampen, og Solberg tok alle tre poenga.

Ikkje dagen

– HFK hadde fortent å få med noko frå Solberg denne tysdagskvelden, men var ikkje dyktige og heldige nok i dei avgjerande situasjonane, oppsummerer trenar Jan-Eirik «Jansen» Thorberg.

Best på HFK-laget vart Birk Stian Bjerkrheim. Lasse Moen, keeper Joakim Skaret og Ole Cato Haugen får også pluss i boka frå trenaren.

No er det ei dryg vege før neste seriekamp for A-laget. Den er på heimebane mot Kongsberg neste fredag. HFK har vunne seks av dei åtte siste kampane mot KIF. I fjor vart det uavgjort på heimebane og siger borte.

Kampfakta

Fotball 4. divisjon

Solberg 2 (1)

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdal FK 1 (19

Mål for HFK: Sjølvmål