Selma Øen Li deltok som senior i Dutch Open.
Selma Øen Li deltok som senior i Dutch Open.

Taekwondo: Vann storstemne

Selma Øen Li stilte i seniorklassen i Open Dutch sist helg.

Taekwondo: For fyrste gong konkurrerte Li som senior i stormønstringa i Nederland.

Open Dutch er eit av dei største stemna i Europa, og kring 700 utøvarar frå 20 land deltok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stemnet opna med mønster, der Selma Øen Li stilte i senior og Luna Sylvana A. Trujillo deltok i junior. Begge var solide og gjekk heilt til topps. I sparring seinare på dagen kom Trujillo til finalen, der ho vart nummer to. I senior møtte Li ein sterk motstandar frå Irland i fyrste runde. Det vart ein jamn kamp, der begge kjempa for å ta sigeren. Dessverre tapte Selma med eitt poeng i dei siste sekunda av kampen.

Det neste på programmet for utøvarane i Ål Taekwon-do-klubb er eit stort stemne i Roma i slutten av månaden.