I løpet av helga vart det spelt over tretti fotballkampar under Hallingcup.
I løpet av helga vart det spelt over tretti fotballkampar under Hallingcup.

Stor fotballcup: Finalespel på heimebane

I helga vart det spelt over 130 fotballkampar på to dagar med Hallingcup.

Fotball: Hallingcup tok i 2010 opp att hansken etter den tidlegare Pinseturneringa.

Cupen har vorte populær for lag frå aust- og vestland, og samlar spelarar i alderen frå åtte år til og med 14. I helga gjekk turneringa for åttande gong, med kampar både på Nes og Gol. Både Geilo, Ål, Gol, Hemsedal og Nesbyen hadde lag i turneringa. Elles var dei fleste laga frå klubbane i og rundt Oslo og Bergen. Det vart ei helg med god stemning og mange tette oppgjer. Berre 13- og 14-åringane hadde sluttspel med finalar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der var både G14 og J14-laget til Gol blant finalistane. Medan gutelaget tapte 3–0 vann jentene 3–2 etter ein spennande finalekamp mot Sandviken.

I 13-årsklassen vart det eit reint hallingoppgjer i finalen. Der møttest Nesbyen og Gol sundag føremiddag. Nesningane var kvassast i finalekampen, og vann til slutt 4–1.