Maria Tviberg har vore solid i andreomgang denne sesongen. Foto: Bjørnar Haaland

Spesialist på andreomgangar - klatra fjorten plassar i Schladming

Under kveldsrennet i Sclhadming tysdag køyrde Maria Tviberg seg opp fleire plassar.

Alpint: Geiloalpinisten hadde eit tidleg startnummer med ein 24.-plass frå fyrste omgang i slalåmrennet. I andre omgang sleppte ho meir på og hadde av dei beste passeringane i siste del av løypa.

Les også
Stort steg mot OL-plass - gjorde kanonklatring i elendige forhold
Les også
Aamot om Tviberg: - Når løypene passar ho, er ho ein kandidat for pallen

Til slutt klatra ho heile fjorten plassar og vart nummer ti. Ho vart nest best av dei norske løparane. Mina Fürst Holtmann vart best på ein sjuandeplass, medan Mikaela Schifferin vann.

Les også
Golberg og Fjeld Andersen til OL i Beijing: – Det er ein barndomsdraum
Les også
Lokal kamp i Smådølsprinten: – Det var spenning heile vegen
Les også
Fleten hang med i seks mil - då Dahl rykte vart det dramatikk