annonse

Snowboard: Geilojente til VM-finalen

Fire juniorar
Fire juniorar: Betina Roll (f.v.), Ine Marie Misund, Stine Espeli Olsen og Maria Mylius frå Geilo køyrer junior-VM i Sverige denne veka. (Foto: arkiv)
Til finalen
Til finalen: Stine Espeli Olsen frå Geilo kvalifiserte seg til slopestylefinalen i junior-VM. (Foto: privat)

Stine Espeli Olsen kvalifiserte seg til slopestylefinalen i junior-VM.

Mona N. Stensvold

Stine Espeli Olsen var ei av fem geilojenter som køyrde slopestylekonkurransen i svenske Kleppen måndag.

I lag med Tina Steffensen frå Kongsberg kvalifiserte ho seg til finalen, som gjekk tysdag. Der hadde ikkje geilojenta full klaff, med 33,75 poeng som beste poengsum. Det held til ein niandeplass totalt. Ho vart likevel beste norske, med Steffensen på 12.-plass av 14 jenter i finalen. Gendron Sommer frå Canada tok VM-gullet, medan Evelina Taka frå Finland tok sølv og Ty Schnorrbusch frå USA tok bronsemedaljen.

I kvalifiseringa vart Bettina Roll nummer ni i det fyrste heatet, med 52,33 poeng. I det andre heatet var konkurransen hakket tøffare. Der tok Maria Mylius tiandeplassen med 60,66 poeng. Accacia Rose vart nummer 16 med 21 poeng. Ine Marie Misund var femte deltakar frå Geilo. Ho fullførte ikkje konkurransen.

I helga står bigair på programmet i juniormeisterskapen.

annonse