Stian Kleivdal på pallen etter NM-gullet, føre Bendik Gjerdalen og Fredrik Sæther Tischendorf.
Stian Kleivdal på pallen etter NM-gullet, føre Bendik Gjerdalen og Fredrik Sæther Tischendorf.

Snøbrett-NM: Gullrush og kongepokal

NM i Trysil vart ein gullfest for dei lokale brettkøyrarane.

Over fire dagar har brettkøyrarane kåra norgesmeistrar og delt ut medaljar i Trysil.

Torsdag var det slopestyle for senior, fredag var det boardercross for alle, laurdag bigar og sundag avslutta juniorane med slopestylekonkurransar. Stian Kleivdal hadde ein kanondag laurdag, og fekk med seg NM-gullet i bigair.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var kjempemoro å køyre. Eg var litt sliten i dag tidleg, men det kom seg fort då sola var framme og det vart slush. Alle har hatt det dritfeitt i dag, seier Stian.

Til slutt kunne han klatre aller øvst på pallen, blant anna etter å ha landa ein stor switch backside trippelcork 1440.

– Bra sesong

NM-gullet vart glasuren på kaka for ein veldig god sesong for Kleivdal, som også fekk med seg kongepokal for innsatsen under NM.

Stian Kleivdal fekk med seg NM-gull og kongepokal frå NM i snowboard. (Process films)
Stian Kleivdal fekk med seg NM-gull og kongepokal frå NM i snowboard. (Process films)
Ola Rudi frå Nore og Uvdal vann snowboardcross i NM. (Process films)
Ola Rudi frå Nore og Uvdal vann snowboardcross i NM. (Process films)
Stine Espeli Olsen vart norgesmeister i slopestyle og bigair for junior.
Stine Espeli Olsen vart norgesmeister i slopestyle og bigair for junior.
Kamilla Espeli Olsen vart norgesmeister i slopestyle og big air for yngre junior.
Kamilla Espeli Olsen vart norgesmeister i slopestyle og big air for yngre junior.

– Sesongen har vore veldig bra. Eg fekk min første pallplass i verdscupen, som eg var sjukt nøgd med. Eg fekk også billett til X Games i Hafjell i august, og eg har fått køyrt masse snowboard – det er det viktigaste, seier Kleivdal. Geilingen vann big air-gullet framfor Bendik Gjerdalen og Fridtjof Sæther Tischendorf.

Geilo fekk fleire plasseringar på NM-pallen i bigair. Stine Espeli Olsen vart nummer tre i senior damer, bak Tina Steffensen og Hanne Eilertsen. Ho vann også klassa for junior jenter. For dei yngre juniorgutane vart Sander Mørk Danielsen nummer tre, Kamilla Espeli Olsen vann klassa for yngre junior jenter.

Veteran vann

Fredag vart det veteransiger til Ola Rudi (Snørøverne). Han køyrde best av alle og sikra ein etterlengta NM-triumf i snøbrettcross.

– Det er heilt rått – denne har eg jakta lenge på. Eg trur det er rundt 19 år, og endeleg sat den. No blir det feiring, seier ein nøgd Rudi.

Det vart ein jamn kamp om medaljane. Rudi, som kjem frå Nore og Uvdal, var på pallen i norgescupen i brettcross for nokre dagar sidan. Då vart han slått av brettpensjonisten Stian Sivertzen. Fredag rauk landslagstrenar Sivertzen ut i semifinalen, og Rudi gjorde opp om gullet mot blant anna Håvard Heggem og Aleksander Østreng. I juniorklassa fekk Geilo ein utøvar øvst på pallen: Torjus Fossegård Snare vant framfor Jonas Mørk Danielsen frå same klubb. I yngre junior var Sander Mørk Danielsen raskast, på jentesida vart Geilo-utøvar Kamilla Espeli Olsen nummer to.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dobbeltmeister

På avslutningsdagen fekk Stine Espeli Olsen sitt andre NM-gull på like mange dagar.

Geilojenta har hatt ein god vinter, mellom anna med bronse under europeisk ungdoms-OL i februar. Klubbvenninna Betina Roll tok bronsemedaljen i same klasse. I yngre junior sørga Kamilla Espeli Olsen for at dei to systrene begge fekk med seg to NM-gull. Også ho vann bigair og slopestyle. I yngre junior vart Sander Mørk Danielsen (Geilo) beste halling på tredjeplass.