Stian Kleivdal imponerte under verdscupen i Laax onsdag.
Stian Kleivdal imponerte under verdscupen i Laax onsdag.

Snøbrett: Nære på for Kleivdal

Stian Kleivdal imponerer under verdscupen i Sveits.

Utsett med ein dag kom brettkøyrarane i gang med semifinale i European Open i Laax fredag morgon.

Stian Kleivdal var ein av 24 køyrarar som gjekk vidare frå kvalifiseringa tidlegare i veka., og ein av fire norske på start.

Artikkelen held fram under annonsen.

I det fyrste runnet sat det frå start for geilingen, men det glapp i forsøket på ein 1440 på det siste hoppet. I landinga vart han for djup og måtte nedi med handa.

– Stian Kleivdal køyrer utruleg stilfullt, men mistar det litt på det eine hoppet, dessverre, meinte TV2-kommentator, Jonas Greve.

Håp

Finalehåpet levde likevel for Kleivdal, då mange av dei største namna mislukkast på fyrste forsøk.

Stian Kleivdal har fått køyre fleire større konkurransar. Her etter X-Gameskvalifisering i 2017. Snowboardforbundet)
Stian Kleivdal har fått køyre fleire større konkurransar. Her etter X-Gameskvalifisering i 2017. Snowboardforbundet)

I andre runnet leverte han på toppen, men på nytt var det siste hoppet den store utfordringa. Med litt for liten fart underroterte geilingen og kom ikkje heilt rundt. I staden gjekk han over ende i landinga og vart ståande med 50,15 som beste poengsum.

– Dette hadde vore eit finalerun utan tvil, om han hadde fått til det siste hoppet, meinte Greve.

Tøft

Til slutt vann svenske Sven Thorgren semifinalen med 85.30 poeng.

Ståle Sandbech vart beste norske, medan Kleivdal til slutt vart nest best på 15.-plass. Geilingen var berre tre plassar unna finaleplass, men måtte heva seg eit hakk på sistehoppet for å vere blant dei 12 finalistane.