Snøbrett: Ingen stor dag

Ingen av dei norske snowboardarane hadde nokon stor dag under laurdagens verdscup i slopestyle i amerikanske Mammoth Mountain. Stian Kleivdal frå Geilo vart beste norske. Kleivdal enda på ein 30.-plass totalt.

Vinnar vart Gererad Redmond frå USA føre landsmannen Judd Henkes. Ruki Tobita frå Japan tok tredjeplassen.