annonse

Slettemark best av hallingane

Sprint
Sprint: F.v. Ukaleq Astri Slettemark, Synne Owren og Hanna Børve. (Foto: Privat)
Gjekk både NM og norgescup
Gjekk både NM og norgescup: Stina Brattegard (f.v.), Vilde Hagen Friis og Tuva E. Sørbøen har trent i løypene på Liatoppen sidan dei var små. Laurdag vart dei heia fram som NM-debutantar. (Foto: Tor Folgerø)

Ukaleq Slettemark frå Geilo leverte helgas beste lokale norgescup-prestasjon med ein andreplass på sprint i K18-klassa.

Caroline Utti

Fleire hundre skiskyttarar har vore gjennom løypene på Liatoppen i helga. Laurdag og sundag møttest juniorløparar frå heile landet til norgescup i både sprint og fellesstart. Ukaleq Slettemark (Geilo IL/NTG-G) leverte helgas beste lokale prestasjon i norgescupen, med ein andreplass i K18-klassa. Slettemark gjekk i mål med null bom, snautt 12 sekund bak Synne Owren (Vingrom IL/NTG-L). Mari Torsteinsrud (Ål skiskyttarlag / NTG-G) gjekk inn til ein 10.-plass, og Vilde Kverndal Veslegard (Ål skiskyttarlag / NTG-G) tok 15.-plassen i same klasse.

Skrede på fjerdeplass

I K19-klassa gjekk Åsne Skrede (Geilo IL/NTG-G) inn til fjerdeplass, med ein bom på både liggjande og ståande skyting. Anne Bunemann De Besche (Idrettslaget Try/Wang Toppidrett) sikra fyrsteplassen med tida 17.46 og feilfri skyting. Mari Lindmo Kvanneberg (Ål Skiskyttarlag/NTG-G) gjekk inn til ein 13.-plass i same klasse. Sigrid Haug Grønnerød (Ål Skiskyttarlag/NTG-G) tok sjuandeplassen i K17-klassa, bak Gro Njølstad Randby (Ivrig IL/NTG-G) på fyrsteplass.

Jentene var best

I herreklassane var det derimot ingen hallingar som enda blant dei ti beste. Rasmus August Schiellerup (Geilo IL / NTG-G) tok 30.-plassen i M18-klassa, medan Ole Feten (Ål skiskyttarlag / Nordreisa vgs.) vart nummer 41. Trym Silsand Gerhardsen (Tromsø Skiskytterlag/NTG-T) tok fyrsteplassen med null bom og tida 19.48. I M17-klassa gjekk Gaute Arnegard (Ål skiskyttarlag / Team Skiguard Buskerud) inn til 27.-plass, føre Tobias Slaatto (Geilo IL / NTG-G) på 53.-plass. Peder Feten (Ål skiskyttarlag) gjekk i mål til ein 63.-plass. Emil Hage Streitlien (Folldal IF/Team Toyota Slettum Bil) tok klassesigeren med null bom og tida 20.46.

Fellesstart

Sundag var det norgescup i fellesstart for både kvinner og menn i aldersklassa 20–21. Stina Brattegard (Ål Skiskyttarlag/Team Woodcon) stod for beste lokale prestasjon, med 13.-plass i kvinneklassa. Brattegard hadde til saman fire bom, tre på liggjande og ein på ståande skyting. Ho gjekk i mål drygt to og eit halvt minutt bak Marthe Kråkstad Johansen (Bossmo & Ytteren IL) på fyrsteplass. Vilde Hagen Friis (Ål Skiskyttarlag) gjekk inn til ein 14.-plass med tre bom, nøyaktig tjue sekund bak lagvenninne Brattegard. Øystein Markegård (Geilo IL/Team Geilo) var einaste lokale løpar i herreklassa. Markegård gjekk inn til 16.-plass med fire bom, ein på kvar skyting, nær to minutt bak Vebjørn Sørum (Søndre Ål Sportsklubb) på fyrsteplass.

annonse