annonse

Slalåm i heksegryta

Landslagsløpar
Landslagsløpar: Bjørn Brudevoll er på europacuplaget til Skiforbundet. (Foto: arkiv)

Bjørn Brudevoll har fått fleire verdscuphelger med slalåmrenn på rad.

Mona N. Stensvold

Tysdag stod han på start i kveldsrennet i Schladming. Med fleire tusen tilskodarar nedover langs heile løypa, køyrde hemsedalsalpinisten inn til 49.-plass på eit seint startnummer. I mål var han fire sekund og sju tidelar etter Marcel Hirscher, som leia med nesten sekundet på nestemann etter ein suveren fyrsteomgang. I helga køyrde han inn til 38.-plass i Kitzbühel. Renna i Austerrike var generalprøva før alpinsirkuset flytter seg til Åre og VM.

annonse