Ida Haugstad Stake var nest best av fjerdeklassingane under stangskytinga i Asker.
Ida Haugstad Stake var nest best av fjerdeklassingane under stangskytinga i Asker.

Skyting: Imponerte i storstemne

Fleire hallingar kjempa i toppen under Viken 1-stemnet i helga.

SKYTING: I helga arrangerte Asker landsdelskretsstemne i skyting.

Med var skyttarar frå Hallingdal, Numedal, Drammen, Vestfold og Ringerike. I klasse 3–5 var Kim André Aanestad Lund i ein eigen klasse. Jondalen-skyttaren stod med 250 poeng, og fullt hus etter innleiande. Med ein niar på finaleomgangen vart han meister med 349 poeng. Hans Christian Wear (Styrvoll) vart nummer to med 347 poeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av hallingane var det Vidar Auve og Terje Svarteberg (begge Geilo) som hevda seg best av seniorane. Dei stod begge med 342 poeng etter finaleomgangen, og vart nummer 16 og 17. Der vart Auve rangert føre klubbkameraten på fleire innartiarar.

Gode ungdommar

I juniorklassen stod Vegard Auve (Geilo) med 247 poeng etter innleiande.

Geilingen var einaste frå Hallingdal i juniorfinalen, og låg godt an med tanke på medalje før omgangen. Han vart til slutt nummer tre med 347 poeng etter fullt hus på omgangen. I eldre rekrutt var det heile tre skyttarar med fullt hus etter dei innleiande 25 skota. Like bak desse var det fleire med 249 poeng, tre av dei var hallingar. Best av desse vart til slutt Mikkel Brusletto (Geilo) med 349 poeng, som til slutt vart nummer fire. Martin Knutsmoen Sørlie (Hovet og Hol) vart også ståande med 349 poeng etter finalen, og vart nummer seks. Andreas Øvrebø (Skurdalen og Dagali), Nub Erik Østenfor (Nes og Bromma) og Maja Buseth (Vats og Leveld) var også i finalen. Desse vart nummer sju, ni og 11, med 347, 347 og 346 poeng.

Vegard Auve hadde ein solid finale under vikenstemnet i Asker.
Vegard Auve hadde ein solid finale under vikenstemnet i Asker.

Treffsikre

Asbjørn Hov (Hemsedal) vart best av veteranskyttarane frå Hallingdal. Han vart nummer fem i den eldste veteranklassen (V73) med 347 poeng.

I felthurtig vart Knut Olav Rauk (Nes og Bromma) best i klassen v55, med 16, 48. Ida Haugstad Stake (Gol og Ødegaarden) vart nummer seks i stangskytinga totalt med 19 treff. Det heldt til nest best plassering i klasse 4. Under lagskytinga vart veteranane nummer fire med 390 poeng. Same plassering fekk ungdomslaget som stoppa på 393 poeng, medan seniorane til slutt vart nummer seks med 376 poeng.