annonse

Skrede og Mikkelsplass vann på Geilo

Siger
Siger: Marte Mikkelsplass vann si klasse K17 under Geilo Skifestival laurdag. (Foto: Lillian Holden.)

Fleire gode lokale resultat då startskotet gjekk for Geilo Skifestival laurdag.

Lillian Holden

Aller øvst på fellesstart-pallen kunne to av Hallingdals kvinnelege løparar klatre: Marte Mikkelsplass og Åsne Skrede. 

Mikkelsplass gjekk inn til siger i klassen K17, 11 sekund framfor Tuva Hagen Rønning som vart nummer to.

Skrede gjekk på heimebane på Geilo, og vann klassa K19/20 år på overlegent vis: over to minutt foran Hanna Norbom Killingstad frå Konnerud. 

I klassa for jenter 16 år gjekk Anna Espeli, også ho frå Geilo, inn til andreplass. Bromma-løpar Kristen Mikkelsplass vart nummer tre i klassa M19/20 år. 

Fleire lokale resultat i dag: 

Gutter 13 år: 1. Emil Amundsen (Konnerud IL). 87. Pål Leo Skjellaug Gundersen (Geilo). 12. Ola Håkon Bråten Ryen (Nesbyen). 13. Inuk Sander Slettemark (Geilo). 14. Teodor Daviknes (Geilo). 

Gutter 14 år: 1. Marcus Enes-Seberg (Omvikdalen IL). 7. Erik Espeli (Geilo). 

Jenter 14 år: 1. Mathea Tegdal (IL Skrim). 6. Olivia Opheim (Ål IL). 

Gutter 15 år: 1. Kristian Kollerud (Konnerud IL). 7. Sondre Aputsiaq Rein Slettemark (Geilo). 

Jenter 15 år: 1. Anniken Sand (Sjåstad/Vestre Lier IL). 5. Ingeborg Skrindo (Gol IL). 6. Vilde Slaatto (Geilo IL). 7. Andrea Hagen Hallingstad (Gol IL). 

Jenter 16 år: 1. Solveig Steen Hofstad (Mjøndalen IF). 2. Anna Espeli (Geilo IL). 

Kvinner 17 år: 1. Marte Mikkelsplass (Bromma IL). 

Menn 19/20 år: 1. Andreas Kirkeng (ROS IL). 3. Kristen Mikkelsplass (Bromma IL). 4. Bjørnar Stensrud Tyribakken (Bromma IL). 

Kvinner 19/20 år: 1. Åsne Skrede (Geilo IL). 4. Guri Sollien Hulbak (Hemsedal IL). 

Menn senior: 1. Knut Skrindo (Gol IL). 2. Vegard Myklemyr (Bromma IL). 3. Øystein Markegård (Geilo IL). 

annonse