annonse

Skøyter: Går på heimebane

Mona N. Stensvold

Fire holingar står på start når verdscupen på skøyter går på Hamar i helga.

Landslagsløparane Hege og Håvard Bøkko, Henrik Fagerli Rukke og debutanten Kristian Reinton er alle klare for verdscup i Vikingskipet. Fredag starta verdscuphelga med 3000m og 5000m i Vikingskipet. Der var Håvard Bøkko i a-gruppa, einaste halling på start. Laurdag er den store dagen for sprintarane, med 500 og 1000m på programmet. Sundag går utøvarane den siste 500-meteren, og 1500-meter står også på programmet.

annonse