Skøyteløpar Kristian Reinton har ikkje mykje positivt å si om året på landslaget. (Foto: arkiv)

- Skøyteforbundet er uprofesjonelt

Kristian Reinton gir seg som skøyteløpar. Samtidig rettar han knallhardt skyts mot skøyteforbundet, som han meiner er uprofesjonelt og har djuptgåande problem. – Eg er letta over at eg ikkje skal ha noko med forbundet å gjere lenger, seier han.

Renton kom inn på sprintlandslaget i fjor etter fleire år på privatlag. Måndag annonserte holingen at han gir seg med skøyter. Hovudårsaka er manglande motivasjon.

– Eg kjenner at eg ikkje har heilt gløden som ein treng for å bli best i verda. Det er litt slik eg er, eg går all in og gjer det hundre prosent. Motivasjonen til det hadde eg ikkje lenger. Eg kjente på det ganske fort etter sesongen, men brukte tid på å ta avgjerda. Eg ville ikkje forhaste meg fordi eg var leitt etter ein sesong, seier Reinton.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Uproft opplegg

Skøyteløparen kjem med krass kritikk av eige forbund. Før sesongen i fjor nådde han målet om ein landslagsplass, etter mange år med hard jobbing.

Les også
Reinton rykker opp

Det vart ikkje som han hadde trudd.

– Eg skal ikkje si at det er bortkasta, for eg har lært mykje. Men eg er letta over at eg ikkje skal ha noko med skøyteforbundet å gjere lenger. Frå du er liten drøymer du om landslaget. Frå utsida ser det ut som det fungerer, men det er ikkje mi oppleving av det. Mi oppfatning er at dei tenkjer for kortsiktig. Som ny opplevde eg at det ikkje er stor takhøgd for å kome med innspel.

Reinton vart ikkje overraska over at fleire av dei beste takka nei til landslaget og satsar privat.

Kristian Reinton er uroa for framtida til skøytesporten i Norge, og meiner det må skje endringar for å ta vare på talenta.
Les også
Skøyteforbundet spissar satsinga mot Beijing

- Det er eit uproft opplegg. Eg forstår at folk takkar nei no, og det bør vere eit klart signal når privatlag med mindre ressursar fungerer betre enn landslaget.

Hadde ikkje takka ja

Det har vore situasjonar der han har reagert kraftig. Han fortel spesielt om ein episode under EM i Heerenveen. Medan fleire av landslagskameratane gjekk meisterskap, var han sjølv på ei samling i Inzell som han hadde teke initiativ til for å få eit godt sportsleg opplegg. Der sat han og såg EM på skøyter på TV.

Les også
Reinton vann samanlagt
Les også
Reinton tok personleg rekord

– Då fortalde løparane etter tur at det neste no var ei treningssamling på Hamar. Eg stussa. Den hadde ingen fortalt meg om. Eg sende melding til trenaren og spurte om det stemde. Då fekk eg svar om at han trudde han hadde sagt det til meg. Då skjønte eg at om eg skulle gå på skøyter neste år, vart det ikkje på landslaget. Det kan ikkje vere slik at utøvaren må etterlyse treningsprogram og høyre om samlingar på TV når ein er på eit landslag, seier Reinton.

Han har valt å ikkje gå ut med desse historiene før etter sesongslutt, men no meiner han det bør kome fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har hatt fokus på å gjere noko med det eg kan gjere noko med i sesongen. Men eg meiner at når dei driv på ein slik måte, bør det kome fram. Eg kjende tidleg at eg ikkje kom til å takke ja om eg hadde fått tilbod om plassen neste sesong.

– Må endringar til

Reinton understrekar at opplevingane av landslaget ikkje har vore avgjerande for at han vel å legge opp no. Men han er uroa for framtida til skøytesporten.

– Eg er ikkje bitter. Men det må skje endringar. Kva det er, er ikkje opp til meg å bestemme. Det ser ut som dei har endra litt no, med laguttaket som kom måndag og ein trenar til. Men det må større forandringar til når det er eit forbund med så djuptgåande problem som eg opplever at dei har. Det må bli proffare på alle plan om det skal lukkast.

Slik svarar Skøyteforbundet på kritikken:

Sportssjef i Norges Skøyteforbund Lasse Sætre svarar slik på kritikken frå Kristian Reinton:

– Først vil eg si at det er synd at Kristian gir seg. Han kunne hatt mange gode år igjen på skøytebanen, og vist oss kva som bur i han. Men alt har si tid, og eg forstår at det er tøft å satse vidare utanfor landslaget.

– Ei av utfordringane me har sett i sesongen som var, er at det var vanskeleg å følge opp løparane som ikkje vart tatt ut til World Cup på ein god nok måte. Dessverre var Kristian ein av desse, og me har også fått ei tilsvarande tilbakemelding direkte frå han. Dette er noko me ynskjer å ta tak i, og å forbetre for kommande sesong. Færre løparar på forbundslag og auka ressursar inn i støtteapparatet er nokre av verkemidla me har sett i gang for å kunne følge opp alle løparane på forbundslag på ein betre måte. I tillegg skal me betre internkommunikasjonen for å unngå episodar som Kristian opplevde frå Heerenveen. Både trenarapparatet og administrasjonen i Norges Skøyteforbund ønsker å legge til rette for toppløparane på best mogleg måte, og me skal lære av det som ikkje var bra nok i fjor, og bygge vidare på det som fungerte.

– Me ynskjer Kristian lykke til med nye utfordringar.

Les også
Skøyteforbundet spissar satsinga mot Beijing
Les også
Bøkko gir seg på landslaget: - Magekjensla sa at det her har du ikkje motivasjon til
Les også
Takka for seg - publikum reiste seg for Bøkko