Skitt fiske i VM
Det vart nedtur for Norge i VM i flugefiske. Etter fem økter hamna laget på ein samla 19.-plass.
Først låg det norske landslaget i flugefiske på ein 15.-plass, så 17.-plass, 19.-plass, 20.-plass og til slutt ein ørliten opptur med ein 12.-plass. Samanlagt heldt det berre til ein 19.-plass under VM i Bosnia.
Det internasjonale forbundet FIPS-Mouche arrangerer VM og EM i flugefiske kvart år. Landslaget består av dei beste fiskarane som har kvalifisert seg i dei to norske konkurransane Norske Konkurransefluefiskeres Forbund (NKFF) arrangerer, Norges Cup og Norgesmesterskap (NM). VM i flugefiske går i korte trekk ut på at deltakarane skal fange så mange fisk som mogleg, på kortast mogleg tid og innanfor ei tildelt sone. Deltakarane blir fordelte på fem grupper med ein deltakar frå kvar nasjon. Gruppene fiskar i tre timar på kvart sitt område. Gruppene bytter på, så alle fiskar i dei same områda etter tur. Det blir gitt poeng per fisk og per centimeter. Så får deltakarane i ei gruppe plassering etter kor mange poeng dei har klart per økt. Til slutt slåast plasseringane saman. Vinnaren er den med lågast plassiffer etter alle øktene. VM starta tysdag 16. juni.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det norske landslaget var i år; Cato Renè V. Monsen, Joaquin Santana, Erlend V. Nilssen, Karl Stian Tafjord og Erik Eikre frå Hemsedal.
For Eikre vart det hans 22. internasjonale meisterskap. Eikre har vunne Norgescupen samanlagt fem gonger og har vore kaptein på landslaget under fleire VM. Han har fleire nasjonale laggull. I 2012 vart han Norgesmeister individuelt.
Laurdag var fjerde og femte økt gjennomført for det norske landslaget. Fjerde økt gav nok ein nedtur, med ein 20.-plass samanlagt. Her fiska Eikre blankt, der gruppevinnaren fekk elleve fisk. I femte økta kom endeleg oppturen, men utan at det klarte påverke resultatet nemneverdig. 12.-plass til Norge denne økta, men sluttresultatet vart likevel 19.-plass. Ein skuffande plassering, men landslaget uttalar i ei pressemelding at plasseringa var akseptabel, med tanke på fiske-sonene som vart tildelt etter utrekning. Spania tok heim gullet, USA tok sølv, medan Bosnia og Hertzegovina tok bronse på heimebane.
Neste år er VM i USA.