annonse

Skiskyting: Toppa på Simostranda

Dobbeltvinnar
Dobbeltvinnar: Synne Mæland-Herheim frå Geilo vann begge renna på Simostranda. (Foto: arkiv)

Unge skiskyttartalent utfordra konkurrentar på Simostranda i helga.

Mona N. Stensvold

Skiskyting: Over 200 skiskyttarar frå heile fylket møttest til to renn i Sparebank 1-cupen på Simostranda i helga.

Laurdag gjekk løparane sprint, og sundag stod normaldistanse på programmet.

Då vart det fleire klassesigrar. I J16 hadde Synne Mæland-Herheim (Geilo) ei god helg. Ho var best i klassen begge dagar. Laurdag vart Gro Torsteinsrud frå Ål nummer tre, medan Ida Molde Lappegard vart nummer to på normaldistansen. Guro Espeli (Geilo) vann elleveårsklassen begge dagar, medan klubbkamerat Leo Skjellaug Gundersen vart nummer to på sprinten og vann normalen i 13-årsklassen.

Laurdag var Tonje Tveito (Ål) best i 15-årsklassen, og Narve Kverndal Veslegard (Ål) vart nummer to på gutesida.

I 20 år og eldre vann Vilde Hagen Friis frå Ål kvinneklassa laurdag, medan Mathias Skrede (Geilo) vart nummer to på herresida. Sundag vart Rasmus August Schiellerup (Geilo) nummer to i 18-årsklassa, med to bom totalt på normalen.

Linnea Skjellaug Gundersen (Geilo) vart nummer to i j12 sundag, medan Guro Molde Lappegard og  Kristin Nicholson Torsteinsrud (Ål) tok andre- og tredjeplassen i årsklassen over. Då vart Mikkel Øyo Simonsen (Geilo) og Sander Møllerplass Skredderberget (Gol) nummer tre i g11 og g12. Sondre Aputsiaq Rein Slettemark (Geilo) vart tredje best i g15.

annonse