Vetle Sjåstad Christiansen måtte gå strafferundar i Oberhof.
Vetle Sjåstad Christiansen måtte gå strafferundar i Oberhof. Foto: Vegard Breie/Skiskytterforbundet

Skiskyting: Sleit i snøvêret

Vetle Sjåstad Christiansen (26) fekk det ikkje heilt til å stemme på sprinten i Oberhof i dag.

Skiskyting: Den fyrste verdscuphelga etter nyttår starta med sprint.

Torsdag var damene i aksjon, i dag var det herranes tur i Oberhof.

Vetle Sjåstad Christiansen fekk sjansen i Tyskland etter gode resultat før jul. Men han fekk det ikkje til å stemme like godt i snøvêret i Oberhof.

På fyrste liggjande vart det ein bom, og etter ståandeserien måtte han to gonger ut i strafferunden.

I mål vart han til slutt eit stykke ned på lista.

Laurdag går Vetle Sjåstad Christiansen ut på jaktstarten to minutt og 36 sekund etter Aleksandr Loginov, som vann sprinten. Sundag står stafettar på programmet.