Ukaleq Astri Slettemark kjempa om medaljar under junior-VM i Osrblie.
Ukaleq Astri Slettemark kjempa om medaljar under junior-VM i Osrblie.

Skiskyting: Kjempa om ny medalje i VM

Ukaleq Astri Slettemark gjekk eit nytt godt løp i junior-VM.

Skiskyting: Geilojenta representerer Grønland og tok eit suverent VM-gull på normaldistansen sist sundag.

Der imponerte ho med feilfri skyting og høg fart i sporet. I forkant av sprinten fredag hadde ho brukt dagane til å bu seg best mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skal berre nullstille og gjere så godt eg kan, sa Slettemark tidlegare i veka.

Fredag gjekk ho ut som startnummer 57 i meisterskapen i Osrblie. Alt frå start passerte ho i tet. Med feilfri skyting på liggjande og ein runde på ståande, leverte Slettemark eit nytt godt løp. Ho gjekk ut i tet etter siste skyting, men på sisterunden tapte ho mykje. Til passering 5,2 km var ho 18 sekund etter teten på ein fjerdeplass. I mål var ho 21, 4 sekund etter leiande Baserga frå Sveits. Til slutt vart ho nummer seks. Norske Maren Bakken vart juniorverdsmeister på distansen. Laurdag går Ukaleq Astri siste løp i årets junior-VM, då står jaktstart på programmet. Med VM-formen tydeleg inne har ho eit godt utgangspunkt for å klatre opp på pallen i avslutningsløpet.