Skiskyting: Andersen til Lenzerheide

Aleksander Fjeld Andersen måtte nøye seg med heller svake plasseringar under helgas IBU-cup i Tyskland, men til helga får han ein ny sjanse.

På laurdagens sprint enda skiskyttaren frå Geilo på 35.-plass med fire bom på dei to skytingane. Vinnar vart Aristide Begue frå Frankrike føre Johannes Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sundagens jaktstart gjekk heller ikkje Fjeld Andersens veg. Med seks bom enda han på 34.-plass. Vinnar vart Anton Babikov frå Russland. Beste norske vart Johannes Dale på fjerdeplass,

Men til helga ventar nye utfordringar. Fjeld Andersen er tatt på det norske IBU-laget som skal til Lenzerheide i Sveits.