Kristiane Bekkestad har vore eitt år på landslaget i alpint. (Foto: arkiv)

Skiforbundet: - Forstår frustrasjonen

Kristiane Bekkestad og Bjørn Brudevoll mista begge landslagsplassen etter skadeprega sesongar. Dei er kritiske til kommunikasjonen og meiner kutt i landslaga er ei kortsiktig løysing.

Dei to hallingane er ikkje åleine om å kritisere forbundet. Også Gjøvik-løparen Maren Skjøld har vore ute og vore kritisk til dårleg kommunikasjon og langvarige uttaksprosessar.

Claus Ryste er sportssjef for alpint i Norges Skiforbund. Han seier han forstår utøvarane sin frustrasjon i situasjonen og at det er tøft for dei som ikkje blir tekne ut på lag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Skadd slalåmtalent skuffa over eige forbund

Ryste svarar slik på kritikken frå Bekkestad og Brudevoll:

«Grunna Covid-19-situasjonen, med fleire avlyste WC-renn i Norge på slutten av sesongen, fekk NSF dessverre store økonomiske tap som også gir store konsekvensar for alpint. Dette er ikkje basert på tap av sponsorar som er ei vanleg misforståing. I NSF alpint har me samarbeidspartnarar som står ved oss i også ei krevjande tid for mange av dei, og som gir oss ei meir føreseieleg framtid enn alternativet kunne vere. Me har, som Kristiane seier, hatt fokus på å ivareta aktiviteten og utøverne i størst mogleg grad, men størrelsen på kutta me er pålagt, er så store at me dessverre måtte redusere landslaga noko.

Me har alle våre tilsette i NSF alpint i delvis eller heil permittering i fire månader. Me har avlyst mesteparten av felles treningar og samlingar fram til august, og dei samlingane som er før det må utøvarane på landslag betale sjølv. Me er veldig heldige som har så mange gode utøvarar på landslag, noko 11 utøvarar rangert topp 15 i verda som gir a-status, viser. Difor er konkurransen for å komme på landslag i Norge veldig tøff, noko som blir forsterka med dagens situasjon.

Me er samde med Bjørn og Kristiane i at å redusere satsinga på rekrutteringslaga er ei kortsiktig løysing, og er ikkje noko me i NSF ønsker. Det er heilt klart at me treng eit C-nivå for utøvarar både på dame- og herresida for å skape framtidas alpinistar. Det håpar me å kunne starte opp igjen med når me har jobba oss gjennom denne ekstraordinære utfordringa NSF har hamna i grunna ein internasjonal pandemi. Me vil ha eit system på plass slik at når europacuprenna startar opp, skal norske utøvarar få support og oppfølging.

Grunna mykje uvisse i prosessen med laguttaket for 2020/2021 pga. budsjettavklaringar, tap i NSF, talet på tilsette, støtteordningar frå det offentlege der me pr. i dag ikkje er godkjent for støtte enno, samt andre prosessar, har laguttaket tatt lengre tid enn vanleg. Det forstår eg har bidratt til ein ekstra frustrasjon i ei krevjande tid.»