annonse

Skaut seg bort i jaktstarten

Bom
Bom: Vetle Sjåstad Christiansen skaut på seg fire strafferundar i VM-jaktstarten. (Foto: Arkiv)

Vetle Sjåstad Christiansen starta godt på VM-jaktstarten. Men så skaut han seg bort og vart nummer 23.

Magnus Lindahl

Christiansen hadde ikkje det beste utgangspunktet før jaktstarten sundag ettermiddag.

Etter 31.-plassen på sprinten laurdag, gjekk han ut 1 minutt og 49 sekund etter Johannes Thingnes Bø. Og som han sa sjølv før start:

– Eg har ingenting å tape.

Fire rundar

Og han gjekk godt ut.

Han visste han måtte skyte 20 treff for å hevde seg. Og på dei to første liggande skytingane skaut han raskt og feilfritt. Dermed var han oppe på 17.-plass før den tredje skytinga. Men den ståandeserien vil han nok raskt gløyme. Tre strafferundar øydela alle moglegheiter til å gå seg inn blant dei ti beste. For mange bomma på skytebanen i Østersund.

– Total sprekk, sa NRKs ekspertkommentator Ola Lunde.

– God blanding av vind og VM-nervar, meinte NRK-kommentator Halvard Hanevold om dei mange strafferundane.

Med ein strafferunde på siste skyting vart det 23.-plass.

Sensasjon

Men ein som også sprakk på skytebanen, var Johannes Thingnes Bø.

Med tre strafferundar skaut han seg ut av gullkampen han såg ut til å ha avgjort greitt. Ukrainske Pidruchnyi vann sensasjonelt føre Bø med franske Quentin Fillon Maillet på bronse.

annonse