I godt vêr og med gode snøforhold er Skarverennet ei oppleving. I år blir rennet stoppa av koronaviruset.

Skarverennet avlyst: — Ei tung avgjerd

Skarverennet er avlyst på grunn av koronaviruset.

— Ei tung, men enkel avgjerd, seier koordinator for Skarverennet i Geilo idrettslag, Håvard Veslehaug.

Avgjerda vart endeleg teken onsdag etter at Folkehelseinstituttet kom med klare råd: Arrangement med over 500 deltakarar må avlysast. Tysdag kveld avlyste Birkebeinerrennet.

Artikkelen held fram under annonsen.

— I samråd med lokale helsestyresmakter har me avgjort å avlyse, opplyser arrangøren onsdag ettermiddag.

— Helsa først

— Det er med tungt hjarte me gjer dette. Men helsa må gå først, seier leiar organisasjonskomiteen, Jarle Uthus.

Les også
Det einaste fornuftige vil vere å avlyse

Skarverennet er årets største idrettsarrangement i Hallingdal. Normalt har rennet 12.200 deltakarar på turen frå Finse til Ustaoset. Helga er ikkje berre avslutning på skisesongen. Dagane før rennet og sjølve skarverennshelga er viktige dagar for det lokale næringslivet. Og for arrangøren Geilo idrettslag er rennet grunnpilaren i økonomien. På det meste er 1200 funksjonærar i sving før og under rennet.

— Mange blir råka, men me må ta dette alvorleg. Det er kjedeleg. Så mykje meir er det ikkje å seie, seier Uthus.

Fleire avlysingar?

Bama Alpinfestival skulle starta torsdag i neste veke. For 17. gong skulle unge alpinistar i alderen åtte til tolv år møtast og køyre på ski i Ål. Men no er også dette arrangementet i fare. Onsdag kveld er det venta ein konklusjon etter eit møte i organisasjonskomiteen.

— Me tek ei avgjerd anten onsdag kveld eller seinast i løpet av torsdag, seier Espen Karlsen.

Les også
Sesongen er over for langrennseliten

Liatoppen skiskyttarfestival med 1000 unge skiskyttarar skal etter planen arrangerast 17. — 19. april. Slik rådet er frå Folkehelseinstituttet no, blir festivalen avlyst. Men den endelege avgjerda er ikkje teken. Arrangøren er i tett dialog med kommuneoverlegen, og dersom det blir aktuelt å arrangere, blir det med endringar. Det gjeld særleg tilstellingar innandørs.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me tek dette på alvor og følger situasjonen nøye, opplyser arrangøren.

Kva med Hallingspretten?

Skirennet Hallingspretten med målgang i Hallingdal Feriepark i Ål er også i fare. Arrangøren varslar ei pressemelding i løpet av onsdag eller torsdag morgon, men det betyr etter alt å døme at også det store arrangementet 4. april er avlyst. Tysdag kveld kom meldinga om at Slarverennet i Gol også er avlyst. Dermed set koronaviruset fem store skirenn med totalt 15-20.000 deltakarar ut av spel.

Les også
Første tilfelle av koronasmitte påvist i Hallingdal
Les også
Ein person i Hemsedal har fått påvist koronasmitte
Les også
Skuleklasse ved Gol vgs. må i koronakarantene
Les også
Familiemedlemer er ikkje omfatta av karantenen