Kristiane Bekkestad frå Ål mista landslagsplassen etter eit år med skader.

Skadd slalåmtalent skuffa over eige forbund

Dei fleste landslagsferskingar får to sesongar når dei kjem inn. Kristiane Bekkestad mista plassen etter éin.

Alpint: — Eg vart heilt sett ut då trenaren ringde meg og sa eg var kutta. Det var ikkje dei signala me hadde fått frå forbundet tidlegare i vår, seier Bekkestad.

Ålingsalpinisten kom inn på landslaget i kategorien dei for eitt år sidan definerte som c-utøvar. Etter eitt år i landslagsmiljøet, er ho sett på sidelina.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det kjennest urettferdig fordi det verkar som det er ulike reglar frå år til år. Det er vanskeleg å forstå seg på. Det var også veldig dårleg kommunikasjon i forkant, meiner ho.

Bekkestad fortel om eit møte med sportssjef for alpint, Claus Ryste i tida før uttaket kom.

- Eg er utruleg skuffa over prosessen og kommunikasjonen. Det hadde kanskje vore enklare å takle om det ikkje kom som eit sjokk, seier Kristiane Bekkestad etter landslagsuttaket sist veke.

— Då vart det sagt at situasjonen skulle gå minst mogleg utover oss utøvarane, og at det ikkje skulle vera færre på laga enn før. Uttaket vart utsett fleire gonger, og prosessen var dårleg organisert, meiner Bekkestad.

Kneet rauk

I november fekk ho kneskåla ut av ledd under barmarkstrening. I staden for å køyre renn brukte ho vinteren på opptrening. I april vart det klart at det vart langvarig. Heime på Ål møter ho Hallingdølen på krykker, med nyoperert kne. Opptreninga tek eit halvt år.

Kristiane Bekkestad har vore eitt år på landslaget i alpint. (Foto: arkiv)

— Det er veldig sårbart. Eg har vorte teken godt vare på i Olympiatoppen, men når landslagsleiinga kuttar deg når du er skadd, blir du veldig aleine. Og frå 70.000 i eigendel må eg no rekne med 150,000 til 200.000 kroner for å finansiere satsinga mi. Det er ein tøff situasjon. Eg lurer jo på om dei ikkje har tru på meg.

Uttak alpinlandslag 2020/2021:

A-status, kvinner: Ragnhild Mowinckel, Sportsklubben Rival, Kristin Anna Lysdahl, Bærums Skiklub, Mina Fürst Holtmann, Bærums Skiklub

B-status, kvinner: Kajsa Vickhoff Lie, Bærums Skiklub, Thea Stjernesund, Hakadal IL, Maria Tviberg, Geilo IL, Kristina Riis-Johannessen, Ready, Kaja Norbye, IL Heming

C-status, kvinner: Marte Monsen, Aron Sportsklubb, Andrine Mårstøel, Haugen IL, Tuva Norbye, IL Heming

A-status, menn: Leif Kristian Nestvold Haugen, Lommedalens IL, Kjetil Jansrud, Peer Gynt Alpin, Henrik Kristoffersen, Rælingen Skiklubb, Aleksander Aamodt Kilde, Lommedalens IL, Rasmus Windingstad, Bærums Skiklub, Adrian Smiseth Sejersted, Stabæk IF, Lucas Braathen, Bærums Skiklub, Sebastian Johann Foss Solevåg, Spjelkavik IL

B-status, menn: Jonathan Nordbotten, Ingierkollen/Rustad Slalåmklubb, Timon Haugan, Oppdal alpin, Fabian Wilkens Solheim, IL Heming, Atle Lie Mcgrath, Bærums Skiklub,

Sesongen i år har vore betre enn på lenge for norsk kvinnealpint. Mange har hevda seg internasjonalt, og teke store steg i fråværet til nokre av dei mest etablerte. Fleire år med satsing har vist resultat.

Les også
Landslaget tynner i rekkene- berre Tviberg med vidare

No er Bekkestad uroa for at det som er bygd opp skal smuldre.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er ei generell meining at folk i laget er veldig oppgitt over måten det blir gjort på. Eg er personleg råka og kjenner nok litt ekstra på det. Men eg er ikkje åleine, og problemet er ikkje nytt. Det er synd om det skal bli slik at mange av utøvarane har mistru til forbundet.

Sender feil signal

Ho er kritisk til prioriteringane i eige forbund.

— Eg skjønar det er ein vanskeleg situasjon med permitteringar og å få i hop eit budsjett, men dei kunne vore tydeleg overfor oss utøvarar. Ein lurar jo på kvifor økonomi og leiing er så dårleg når me sportsleg har eit av dei beste landslaga i verda. Det er eit luksusproblem at det er så mange som har vorte gode, men dei kan ikkje lene seg tilbake og vera fornøgd med det, meiner Bekkestad.

– Eg håpar dei tek inn fleire på c-lag i framtida. Det er sårbart å kutte slik landslagsleiinga har gjort no, seier Bekkestad.

Også ho er uroa for signala alpinleiinga sender til yngre utøvarar.

— Om du må ha verdscupnivå inne for å kome inn, gjer det noko med motivasjonen. Eg har prata med fleire som seier det same. Dei ynskjer eit større c-lag for dei på veg opp.

Bekkestad seier mange kjenner på eit press for å vere heilt i toppen.

— Dei som er tekne ut er utruleg gode. Men slik det er no så er det ikkje noko mellomledd for dei som er på veg opp. Folk får ikkje tid til å vere på veg.

Vil tilbake

Etter eit trøblete år, har ho ikkje tenkt tanken om å gi seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg skal bruke det som motivasjon til å gjere jobben. Heldigvis har eg med skisponsor vidare, og eg er veldig takksam for hjelpa eg har fått av dei lokale sponsorane som har vore med lenge.

Les også
Skiforbundet: - Forstår frustrasjonen

Ho er budd på å legge ned treninga som trengst. Gode kontaktar gjer at ho har fått lov å vere med Trønder Alpint til vinteren.

Etter eit trøblete år, som enda med operasjon, er Kristiane Bekkestad budd på jobbe for eit comeback. - Eg er motivert og vil vise dei som ikkje tok meg ut at dei tok feil, seier ho.

— Eg er glad for å ha funne eit alternativ. Det er ikkje lett å bli sett på sidelina. Håpet er at det er føresetnader for eit større c-lag neste år, og at eg køyrer så fort til vinteren at eg får vere med landslaget att. Det er dyrt å satse på eiga hand, seier Bekkestad.

— Men om eg blir så god at eg ein dag står med ei OL- eller VM-medalje, så skal eg hugse på dei som er up-and-coming. Det er viktig å tenke på dei som er på veg opp og ikkje berre toppen.

Les også
– Annleis, på godt og vondt
Les også
Mellom portane