Vetle Sjåstad Christiansen. (Arkivfoto)
Vetle Sjåstad Christiansen. (Arkivfoto)

Sjåstad Christiansen tok sin første verdenscupsiger: - Eg er mållaus!

Vetle Sjåstad Christiansen har venta lenge, men på sprinten i Salt Lake City kunne han for første gong i karriera klatre øvst på pallen i verdenscupen.

– Det var heilt sjukt hardt, og eg trudde ikkje eg kom til å klare det. Eg er rett og slett mållaus, seier Sjåstad Christiansen til NRK. 

- Det er digg. Det er det, seier geilingen, som ikkje klarte halde tårene tilbake etter triumfen. 

Artikkelen held fram under annonsen.

- Moro. Heilt enormt. Han har kjempa i så mange år, sa NRK-ekspert Ola Lunde i sendinga. 

Ti blinkar

Alle hadde enorme forventningar til Johannes Thingnes Bø på dagens sprint i Salt Lake City. Han har vore suveren i år, og tatt 12 verdenscupsigrar - like mange som Ole Einar Bjørndalens rekord på ein og same sesong. Men det ville seg ikkje - Bø sprakk fullstendig på ståande skyting.

Bak han kom Sjåstad Christiansen. Han hadde skote godt på liggjande skyting, gjekk raskt i sporet og trass i noko vind på standplass så leverte han ein sterk serie og fylte på ståande også. 

- Kanskje det blir norsk likevel, ropte NRK-kommentator Andreas Stabrun Smith. 

Sjåstad Christiansen hadde folk framfor seg i sporet som hadde gått raskt, og måtte i kjellaren på siste runde. Han såg stiv ut, men greidde likevel å trøkke til i dei knalltøffe løypene - inne på oppløpet kjempa han ein kamp mot klokka for å slå tida til franske Simon Desthieux. 

Det heldt akkurat, geilingen kryssa målstreken 1,3 sekund framfor franskmannen. 

Nervepirrande

Dermed begynte ventinga. Sjåstad Christiansen hadde startnummer 34, dermed var det mange startande bak han også. Utfordrarane vart færre og færre, men det var nokre løparar som var farleg nære tida hans. 

Den siste som kunne true han var franske Fabien Claude, men då han bomma på heile tre av fem skot så var sigeren i boks. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Geilingen vant framfor Desthieux, tyske Roman Rees vart nummer tre. Etter å ha kome i mål var Rees bortom Sjåstad Christiansen, og spurte om nordmannen var på pallen. 

- Eg vant, eg, svara han. 

Det har han venta lenge på. På 68 renn i verdenscupen hadde han ein andre- og ein tredjeplass som beste resultat inntil i dag. 

- Vetle har hatt ein lang veg mot toppen. Han var jo ein unggut som var spådd ei lysande karriere, men han har fleire gonger sagt han har vurdert å legge opp, sa Ola Lunde. 

- Men han har tatt grep før denne sesongen, med både trening og kosthald. Det viser at om ein jobbar knallhardt over tid så er det mogleg å vinne.