Vetle Sjåstad Christiansen. (Arkivfoto)
Vetle Sjåstad Christiansen. (Arkivfoto)

Sjåstad Christiansen fekk det tungt i Kollen

Vetle Sjåstad Christiansen hang lenge godt med på sprinten, men fekk det skikkeleg tøft på siste runde.

I Kollen-tåka fekk Sjåstad Christiansen tøffe tider å bryne seg på i sprintsporet. 

Det såg lenge bra ut, trass i eit par reale kant-treff skaut han fullt hus på liggande skyting og gjekk ut på mellomrunden i tetsjiktet. Men på ståande vart det ein bom, og geilingen datt nedover på resultatlista. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Skiskyttarane fekk vanskelege forhold på heimebane i Oslo, Holmenkollen var "som vanleg" hylla inn i tåke. Noko vind var det også, ei stund vart det diskutert om rennet ville bli stoppa - men det enda med å gå som planlagt. 

Ute på den siste runden vart det blytungt for Sjåstad Christiansen. Då han endeleg kryssa målstreken i tåkehavet hadde han tapt heile 42 sekund til suverene Johannes Thingnes Bø på siste runde, noko som tyda på at han hadde fått det frykteleg tøft på dei siste kilometra. 

- Eg prøvde alt eg hadde ut frå start, og det gjekk unna. Eg vart nok litt rive med av farta til Johannes. Det var moro så lenge det varte, men eg fekk det på slutten. Eg prøvde å gå fort, men det gjekk ikkje. Eg vart stiv, seier Sjåstad Christiansen til NRK. 

Det var heile 130 startande på sprinten i Kollen, så det tok tid å slå fast kva plass Sjåstad Christiansen til slut endte på - men han vart nummer 12. 

I morgon skal løparane gå jaktstart. Johannes Thingnes Bø er suverent i tet, men Sjåstad Christiansen er berre eit knapt halvminutt bak andreplassen. 

- Den er innan rekkevidde, seier geilingen.