annonse

Siger og tap på handballbanen

Starta
Starta: J12 frå Ål debuterte i regionserien i helga. (Foto: privat)

Slik gjekk det med Ål J12 i helga.

  • Håvard Gjeldokk
  • Trenar

J12

Konnerud 4 – Ål: 10–12 6–8)

Ål-jentene debuterte i regionsserien (Buskerud og Vestfold) i helga. Det var ein spent gjeng som gjekk på banen til fyrste kamp, men jentene kom godt i gang med flott spel. I angrep fekk jentene stor fart på ballen, og Konnerud sitt forsvar fekk utfordringar med å halde følge. Dette gjorde at ålingsjentene spelte seg til mange flotte målsjansar. I forsvar hadde jentene stor innsats, men merka at intensiteten tok på utover i kampen. Det vart ein tett og jamn kamp, men ålingsjentene drog til slutt i land ein fortent siger.

Skrim 2–Ål: 11–8 (pause 6–6)

Etter to timars pause venta ein ny kamp, denne gongen mot Skrim på Kongsberg. Det vart ein ny tett og jamn kamp. I forsvar heldt jentene fram med å kjempe som i den fyrste kampen. I angrep hadde dei høgt tempo som igjen førte til mange fine frispelingar. Likevel merka ålingsjentene at dei møtte eit fysisk sterkare lag. Skrim tok tidleg føring i kampen. Jentene frå Ål henta inn leiinga til pause. Utover i andre omgang såg ein at ålingsjentene begynte å bli slitne. I motsetning til skrimjentene hadde ålingane ein kamp i beina frå før på dagen. Tempoet sank i angrep og det same gjorde konsentrasjonen. Likevel leverte jentene super innsats til siste slutt. Stemninga hos jentene før, under og etter kampen var strålande og det blir spennande å følge jentene vidare utover i sesongen.

annonse