Hege Bøkko og Håvard Holmefjord Lorentzen vann alt på Glitre. Dei sette også til saman sju banerekordar.
Hege Bøkko og Håvard Holmefjord Lorentzen vann alt på Glitre. Dei sette også til saman sju banerekordar.

Sette verdsrekord på Glitre

Håvard Holmefjord Lorentzen gjekk ein gnistrande 500 meter under NM på Gol og sette verdsrekord på naturis.

35,83 på Glitre sundag var sterkt.

Så sterkt at Lorentzen sjølv meinte det var eitt av dei sterkaste i år. Og etter meisterskapet gjorde han sjølv ein jobb for å finne ut om dette var verdsrekord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tysdag melde han at det er verdsrekord. Det er kjempemessig. Full klaff, seier banemeister Ola Halvar Jorde.

Fyrverkeri

Saman med kjærasten Hege Bøkko vart Lorentzen feira med laurbærkransar og fyrverkeri saman med juniorvinnarane sundag ettermiddag.

Då hadde Gol idrettslag og skøytegruppa gjennomført eit godt besøkt og prikkfritt arrangement. Ikkje rart Lorentzen og Bøkko takka arrangør og banemeister Ola Halvar Jorde. For isen var rask, og banemeister Jorde fekk oppfylt ein av draumane for meisterskapet: Første løpar under 36 blank på 500 meter. At det vart verdsrekord var ein bonus, men ikkje desto mindre eit kvalitetsstempel. I siste løp sundag senka Lorentzen nok ein banerekord på 1000 meter til 1,12,09.

Arrangøren og banemeister Ola Halvar Jorde fekk takk av Hege Bøkko og Håvard Holmefjord Lorentzen for arrangementet og den raske isen.
Arrangøren og banemeister Ola Halvar Jorde fekk takk av Hege Bøkko og Håvard Holmefjord Lorentzen for arrangementet og den raske isen.
Håvard Holmefjord Lorentzen (ytre bane) på veg mot 35,83 og verdsrekord på 500 meter sundag. Parkamerat Henrik Fagerli Rukke gjekk på 36,46.
Håvard Holmefjord Lorentzen (ytre bane) på veg mot 35,83 og verdsrekord på 500 meter sundag. Parkamerat Henrik Fagerli Rukke gjekk på 36,46.

– Eg har vore her mange gonger. NM vart eit kjempeflott arrangement. Me blir varta opp, seier Lorentzen.

– Og banemeisteren var fornøgd med tidene?

– Han var nesten meir glad enn meg.

– Det er artig å gå nesten på heimebane. Dei set verkeleg pris på oss og har lagt ned mykje jobb for at me løparane skal ha det bra, seier Bøkko.

Solide løp

Laurdag gjekk Lorentzen 500 meter på 36,04 og 1000 meter på 1,12,65.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner han gjekk fire solide løp (2x500 meter + 2x1000 meter).

– Innandørs er det gjerne 25 grader varmare. Luftmotstanden er vår største fiende, og når det blir kaldt, er det vanskelegare å få opp stor fart, seier han, vel vitande om at det var sju-åtte minus på Glitre sundag.

Også 1000 meterane denne helga meiner han er gode trass tunge bein. For to-tre veker utan verdscup gir moglegheit til å fylle på med viktig trening fram mot nye internasjonale høgdepunkt kommande månader. Men NM står han ikkje over sjølv om beina er tunge.

– Me skal stille i NM. Og her blir det arrangert på ein ordentleg måte, seier Lorentzen.

Hege Bøkko senka tre banerekordar i løpet av helga. 40,54 på 500 meter laurdag vart senka til 40,18 sundag. På 1000 meter gjekk ho på 1,21,99 laurdag.

– Det hadde vore artig å kome under 40, men det var heilt ok, kommenterte ho etter meisterskapet.

OK +

Henrik Fagerli Rukke frå Hol kneip sølvet samanlagt.

Det var han fornøgd med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg gjekk fire jamne løp. Det var OK + i dag.

Han fekk tidene 36,20 og 1,13,38 laurdag. På dag to vart det 36,46 på 500 meter og 1000 meter på 1,13,71.

– Beina var stinn etter ein del trening siste to vekene. Det kjende eg på siste 1000 meter, seier Rukke.

Broren Christoffer Fagerli Rukke trekte seg etter 500 meteren sundag.