Anders Kjær frå NMK Larvik og Gøril Undebakke frå NMK Nore og Uvdal gjekk til topps i nasjonal klasse for tohjulsdrevne bilar.
Anders Kjær frå NMK Larvik og Gøril Undebakke frå NMK Nore og Uvdal gjekk til topps i nasjonal klasse for tohjulsdrevne bilar.

Russisk siger i Sigdalrally

I år som i fjor vart det russisk siger i Sigdalsrally.

Nikolay Gryazin og kartlesar Yaroslav Fedorov var raskast under NM-opninga laurdag. I ein Skoda Fabia R5 kom dei i mål 34 sekund føre veteranen Henning Solberg frå KNA Indre Ytre Østfold. Dei russiske gjestene tel ikkje i NM. Difor vart det full NM-pott for Henning Solberg og kartlesar Ilka Minor. På tredjeplass fylgde Ole Christian Veiby KNA Kongsvinger og Jonas Anderson Team Treske.

I nasjonal klasse for tohjulsdrivne bilar var det heilt ope før laurdagens rally. Mange var spente på kva Anders Kjær frå NMK Larvik og Gøril Undebakke frå NMK Nore og Uvdal kunne utrette med sin Golf 2 GTI. Og duoen innfridde. Kjær og Undebakke køyrde inn til klar fyrsteplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Steffen Bjerknes og Jon Eirik Gråhammer, NMK Nedre Hallingdal, vart nummer tre i denne klassen. Bjerknes har sett seg mål å kjempe i toppen av NM i år.

I klasse 17 køyrde Johan Brekke og Knut Sigurd Brekke, NMK Nore og Uvdal, inn til tredjeplass.

Det skal i alt køyrast seks NM-rundar før det blir kåra fire noregsmeistrar. Tre av løpa går på vinterføre og tre på barmark.

Neste runde er Rally Hadeland om to veker. Numedalsrally som er den tredje NM-runden, blir avvikla 23. februar.