Frida Strendo og HFK-damene var solide på heimebane torsdag kveld.
Frida Strendo og HFK-damene var solide på heimebane torsdag kveld.

Resultatlaus poengjakt for HFK-damene

Bortekampen mot Grei sundag enda med eit bittert tap for HFK-damene.

Andredivisjonslaget til HFK-damene har ein tøff vårsesong bak seg. Haustsesongen starta bra med sju poeng på dei tre fyrste kampane i august. Etter førre vekes heimekamp mot Eik-Tønsberg låg HFK på tiandeplass på tabellen med 12 poeng totalt. Før sundagens kamp hadde Grei same poengsum, men med ein kamp mindre spelt. Såleis er HFK på poengjakt for å sikre plassen i andredivisjon.

Men det gjekk ikkje vegen då HFK-damene møtte Grei på bortebane. HFK viste tidleg gode takter med både gode målsjansar og redningar. Til pause stod stillinga 1-0 til HFK. Andreomgangen starta roleg før Grei fekk kontroll på ballen, og utlikna til 1-1. Deretter sikra heimelaget 2-1 på frispark. HFK heldt trykket oppe til siste sekund, men det heldt ikkje. Det vart eit bittert tap for hallingane som til slutt måtte reise poenglause heim. Stillinga vart ståande 2-1 til Grei.