Aleksander Fjeld Andersen har hatt fleire gode renn etter nyttår.
Aleksander Fjeld Andersen har hatt fleire gode renn etter nyttår.

Reserven leverte

Aleksander Fjeld Andersen gjekk ein god normaldistanse då EM i skiskyting starta tysdag.

Skiskyting: Geilingen var fyrst reserve, men fekk plassen i troppen då Sindre Pettersen vart sjuk og måtte stå over.

Tysdag stod han på start i Minsk . På eit seint startnummer gjekk geilingen eit godt løp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med 17 treff vart han til slutt nummer ti. I mål var han to minutt og 41 sekund etter Krasimir Anev (Bulgaria) som vart europameister.

Dei to andre løparane på pallen var norske. Tarjei Bø tok sølvmedaljen, medan tidlegare NTG-Geilo elev, Endre Strømsheim tok bronsemedaljen.

Torsdag står mix-stafettar på programmet for løparane. Aleksander Fjeld Andersen og Fredrik Gjesbakk går med Karoline Knotten og Karoline Erdal. I helga blir meisterskapen avslutta med sprint og jaktstartar.