annonse

På pallen i Canada

På pallen
På pallen: Vetle Sjåstad Christiansen vart nummer to på normalprogrammet i verdscupen i Canada. (Foto: Arkiv)

Vetle Sjåstad Christiansen presterte sitt beste renn då han vart nummer to på normaldistansen i Canmore i Canada torsdag kveld.

Magnus Lindahl

Geilo-løparen skaut to bom, men gjekk gnistrande i løypa i verdscuprennet.

Berre suverene Johannes Thingnes Bø kunne tukte Christiansen.

– Utruleg. Han har suverent nest beste langrennstid. Det imponerer mest, sa NRKs ekspertkommentator Ola Lunde.

– Betyr alt

Andreplassen er det beste han har gjort nokon gong.

Før jul tok han sin første pallplass med ein tredjeplass på jaktstarten i Hochfilzen.

– For meg betyr dette alt. To pallplassar i år følast som sigrar, sa Christiansen til NRK.

Og Christiansen, som før sesongen truga med å legge opp dersom han ikkje vinn denne sesongen, sa:

– No går eg på ein sesong til.

Beit seg fast

I kulda i Canada var normalprogrammet kutta ned frå 20 til 15 kilometer.

Tilleggstida per bom var også kutta frå eitt minutt til 45 sekund. Christiansen starta 30 sekund føre Bø, og det drog han nytte av gjennom heile løpet. For Bø, som gjekk eit nærmast fullkome renn med 20 treff og enorm fart i sporet, tok raskt att Christiansen.

– Eg måtte gå mitt eige løp. Men eg klarte å bite meg fast i ryggen, sa Christiansen, og takka Bø for draghjelpa.

annonse