Abigail Ogoti på veg mot UM-gull på Jessheim. Gullet på 200 meter var hennar første.
Abigail Ogoti på veg mot UM-gull på Jessheim. Gullet på 200 meter var hennar første.

Ogoti sprinta til gull

Abigail Ogoti slo til då det gjaldt som mest og vann gull og sølv under UM i friidrett.

Sundag slo Nesbyen-løparen til med sitt aller første UM-gull.

Då vann ho 17-årsklassen på 200 meter med 25,73.

Artikkelen held fram under annonsen.

Første gull

Det er noko bak årsbeste og personleg rekord, men det betyr minst like mykje å stå øvst på pallen før første gong.

Og Ungdomsmeisterskapet på Jessheim vart ikkje dårlegare med sølv og årsbeste på 100 meter fredag. I finalen sprang ho på 12,45, slått med fire tidelar av Andrea Rooth frå Lambertseter som fekk 12,05. For Nesbyen vart dagen endå betre då også Gro Marcela Tvedt kvalifiserte seg til 100 meter-finalen i 17-årsklassen. Ho sette pers med 13,02 i forsøket. I finalen vart det sjuandeplass med 13,14. Tvedt gjekk også vidare frå forsøket på 200 meter, men stilte ikkje i finalen.

Pers på langhekk

Nesbyen stilte med totalt fire løparar i UM.

Fredag vart Torbjørn Andersen vart nummer åtte i 16-årsklassen på 300 meter hekk med ny personleg rekord, 45,18. I samle klasse sprang Sivert Juven 800 meter på 2,07,99 og vart nummer 16. På 3000 meter sundag vart han nummer 14 9,35,52.