annonse

Ogoti på pallen

Pallen
Pallen: Abigail Ogoti (t.v.) vart nummer tre på 100 meter i Tyrvingleikane. I same klasse vart Gro Marcela Tvedt nummer sju. (Foto: Arkiv)

Abigail Ogoti vart nummer tre på 100 meter og 200 meter under Tyrvingleikane.

  • Mona N. Stensvold Mns@hallingdolen.no

På 100 meter sette ho årsbeste med 12,50 i finalen sundag.

I same finale for jentene i 17-årsklassen sprang klubbvenninne i Nesbyen, Gro Marcela Tvedt, inn til sjuandeplass med 13,10. Det var berre nokre hundredelar bak den personlege rekorden. På 200 meter sprang Ogoti på 26,11 og vart halvsekundet bak årsbeste. Ytterlegare to ungdomsløparar frå Nesbyen deltok i Norges største friidrettsstemne på Nadderud stadion i Bærum. Sivert Juven vart sundag nummer ni på 800 meter i 16-årsklassen med 2,06,39, som er ny personleg rekord med snaue sju sekund. Fredag sprang han 3000 meter på 9,27,87 og vart nummer sju. Torbjørn Andersen (16) sprang inn til nye personleg rekord både på 300 meter hekk med 45,25 og 200 meter med 25,15. Alle desse er no klare for UM i friidrett på Jessheim seinare i sommar. Dit kan også Tuva Jorde kvalifisere seg. Ålingsjenta har konkurrert for Geilo IL i to stemne til no i sommar og har vore rett bak kravet på 200 meter i 15-årsklassen. I Tyrvingleikane vart det 28,44. 4,45

annonse