Pål Golberg fekk fornya tillit av landslagsleiinga i langrenn.
Pål Golberg fekk fornya tillit av landslagsleiinga i langrenn. Foto: Mona N. Stensvold

Ny vinter på sprintlaget

Pål Golberg får sjansen på sprintlandslaget også neste sesong.

Langrenn: Måndag kom langrennslandslaga for neste sesong.

På sprintlandslaget var det to nye namn, men ingen store overraskingar. Fjoråret var prega av kyssesjuke i sesongoppkøyringa, og VM-draumen rauk.

Men no er Pål Golberg frisk og klar for ein ny verdscupsesong. Han var ein av sju løparar som fekk plass på sprintlandslaget for neste vinter.

– Pål Golberg er tilbake, frisk og med ny frisyre. Han har lagt sjukdom bak seg og gler seg til eit nytt, bra år, sa Arild Monsen då laga vart presentert.

Etter tre år på rad med VM og OL, blir vinteren som kjem utan meisterskap. I staden ventar eit beintøft konkurranseprogram for løparane. Totalt blir det nærare 40 verdscuprenn i løpet av vinteren.

– Det er ein enorm sesong med bortimot 40 verdscuprenn – med tre tourar som høgdepunkt, seier fersk langrennssjef Espen Bjervig.

 

Menn sprint: Sindre Bjørnestad Skar, Bærums Verk og Hauger IF, Mattis Stenshagen, Follebu IL, Pål Golberg, Gol IL, Erik Valnes, Bardufoss og Omegn IF, Eirik Brandsdal, Kjelsaas IL, Finn Hågen Krogh, Tverrelvdalen IL, Sondre Turvoll Fossli, Hokksund IL

Elitelag kvinner: Therese Johaug, IL Nansen, Astrid Uhrenholdt Jacobsen, IL Heming, Tiril Udnes Weng, Nes Ski, Maiken Caspersen Falla, Gjerdrum IL, Kari Øyre Slind, Oppdal IL, Heidi Weng, IL Bull, Ingvild Flugstad Østberg, Gjøvik Skiklubb, Ragnhild Haga, Åsen IL, Lotta Udnes Weng, Nes Ski, Mari Eide, Øystre Slidre IL, Ane Appelkvist Stenseth, Grong IL/Team Veidekke Midt-Norge, Anna Svendsen, Tromsø skiklubb.

Menn, allround: Sjur Røthe, Voss IL, Simen Hegstad Krüger, Lyn Ski, Martin Johnsrud Sundby, Røa IL, Hans Christer Holund, Lyn Ski, Niklas Dyrhaug, Tydal IL, Didrik Tønseth, Byåsen IL, Johannes Høsflot Klæbo, Byåsen IL, Emil Iversen, IL Varden Meråker