Henrik Fagerli Rukke gjekk lagsprinten under VM i Inzell.
Henrik Fagerli Rukke gjekk lagsprinten under VM i Inzell.

Norsk nedtur i lagsprint

Norge med Henrik Fagerli Rukke var ein av medaljekandidatane i lagsprint i VM i Inzell. Det enda med nedtur.

For alt på andrerunden fall Bjørn Magnussen.

Dermed var løpet øydelagd for Norge like før Henrik Fagerli Rukke skulle overta føringa saman med Håvard Holmefjord Lorentzen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norge gjekk i tredje par mot Russland. Begge lag opna knallsterkt på dei første 200 meterane, og det norske laget måtte prestert eit toppløp for å ta ein medalje. Men Norges første medaljesjanse under VM i Inzell, enda i nedtur.

Nederland vann suverent føre Sør-Korea og Russland. Også i kvinneklassen vart det Nederland.

Det norske kvinnelaget med Hege Bøkko vart nummer sju og sist.

– Me er ikkje i superform, sa Bøkko til NRK.