Ukaleq Astri Slettemark frå Geilo hevda seg godt på Liatoppen.
Ukaleq Astri Slettemark frå Geilo hevda seg godt på Liatoppen.

NM i skiskyting: Ukaleq topp ti

Ukaleq Astri Slettemark var beste lokale løpar i kvinneklassen under NM.

Junioren frå Geilo og Grønland vart nummer ni på normalprogrammet fredag og nummer sju i jaktstarten laurdag som Thekla Brun-Lie vann føre Karoline Knotten og Tiril Eckhoff.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var gode resultat av den unge løparen som tok gull i junior-VM i Osrblie i Tsjekkia tidlegare i sesongen. Resultata i helga gav ein peikepinn på avstanden fram til verdstoppen. Då er det særleg farta i løypa som må opp, men det har 18-åringen tid til å utvikle år for år. For ho skyt godt. Laurdag skaut ho godt med berre to strafferundar. I den sterke vinden fredag vart det sju tilleggsminutt. Men der fekk landslagsløparane Marte Olsbu Røiseland, Tiril Eckhoff og Ingrid Landmark Tandrevold høvesvis ni, ti og elleve minutt.