Stian Kleivdal køyrde godt nok til å innkassere gullet under dagens big air-konkurranse i NM.
Stian Kleivdal køyrde godt nok til å innkassere gullet under dagens big air-konkurranse i NM. Foto: Process Films

NM-gull til Kleivdal: - Kjempemoro!

Stian Kleivdal hadde ein kanondag i NM, og klatra heilt til gullplass i big air.

– Det var kjempemoro å køyre. Eg var litt sliten i dag tidleg, men det kom seg fort då sola var framme og det vart slush. Alle har hatt det dritfett i dag, seier Stian. 

Til slut kunne han klatre aller øvst på pallen, blant anna etter å ha landa ein stor switch backside trippelcork 1440. 

NM-gullet vart glasuren på kaka for ein veldig god sesong for Kleivdal. 

- Sesongen har vore veldig bra. Eg fekk min første pallplas i verdenscupen, som eg var sjukt nøgd med. Eg fekk også billett til X Games i Hafjell i august, og eg har fått køyrt masse snowboard - det er det viktigaste, seier Kleivdal. 

Geilingen vann big air-gullet framfor Bendik Gjerdalen og Fridtjof Sæther Tischendorf. 

Geilo fekk fleire plasseringar på NM-pallen i dag. Tina Steffensen vann big air-konkurransen for kvinner, Hanne Eilertsen tok andreplassen. På tredje kom Geilo-jenta Stine Espeli Olsen. 

Ho vann også klassa for junior jenter. For dei yngre juniorgutta vart Sander Mørk Danielsen nummer tre, Kamilla Espeli Olsen vann klassa for yngre junior jenter.