Grace Ogoti sesongopna på 100 meter med 12,83 på Lillestrøm. (Arkivfoto)
Grace Ogoti sesongopna på 100 meter med 12,83 på Lillestrøm. (Arkivfoto)

Lovande sesongopning for fridrettsnesningane

Fire friidrettsutøvarar frå Nesbyen viste lovande takter under sesongopninga laurdag.

Sondre Juven og systrene Grace og Abigail Ogoti tok turen til Lillestrøm for å delta i Romerikslekene.

For dei tre var dette det fyrste utandørsstemnet for sesongen etter ein lang vinter med trening.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godkjend sprint

Det er alltid knytt spenning til den fyrste konkurransen utandørs.

17-åringen Grace Ogoti, med bronse på 100 meter i UM i fjor, kan seie seg fornøgd med sesongopninga.

I optimale sprintforhold vart ho nummer to med tida 12.83. Trass intens eksamenslesing i dagane før løpet var dette in vesentleg sterkare sesongopning enn i fjor då ho sesongdebuterte med 13,04. Synnøve Bjørgo Adam frå Fagernes vann med 12,56. Neste helg spring Grace fleire løp under FRAMO-lekene i Bergen. Det same gjer veslesyster Abigail, som også viste lovande takter på Lillestrøm. I lengdekonkurransen vart 12-åringen nummer to med eit lengstesprang på 4,14. På 60 meter vart ho nummer seks med 9,23, men her sprang ho på 9,03 i forsøket. I 11-årsklassen vart Sivert Juven nummer fire i lengde med 3,83.

Sondre Juven sette personleg rekord med fem sekund på 800 meter. (Arkivfoto)
Sondre Juven sette personleg rekord med fem sekund på 800 meter. (Arkivfoto)

Utandørspers

På 800 meter var Sondre Juven klart for å måle krefter med fleire av dei beste løparane i landet i 15-årsklassen.

I eit godt disponert løp sprang han inn til sjuandeplass på tida 2,12,91. Med det knuste han sin gamle utandørspers med fem sekund. Didrik Hexeberg Warlo frå Tyrving vann med 2,06,57. For Sondre ventar nye løp i vekene som kjem, men då er det 1500 meter og 2000 meter som er dei viktigaste distansane. Asker-lekene er fyrste sjanse laurdag.